Tur til Vest-Telemark – bli med!

Vil du bli med Hjartdal historielag på tur?
Turen i år gjeng til vest-Telemark Museum i Eidsborg og til Dalen Hotell laurdag 6.juni.
Vest Telemark Museum er eit flott museum med heilt spesielle samlingar som er vel verde å få med seg. Her finst gjenstandar av høg kvalitet og alder som fører oss attende i tida da folk levde med soger og segner og skapte kunstverk i den tradisjonen. Dette er rikeleg representera her på museet.
Eidsborg stavkyrkje ligg i same området som museet. Kyrkja som er frå 1200 talet og inneheld helgenbiletet av St. Nikolaus eller Nikuls som bygdefolk kalla han.

Vi vil få omvising i samlingane og i Eidsborg stavkyrkje. Etterpå gjeng turen til Dalen Hotell. Der blir vi servera lunsj og under kaffien etterpå får vi eit historisk kåseri.
Prisen for omvising på museet og i kyrkja, samt servering på Dalen Hotell er 375,-kr.
Bussen kjem i tillegg, men der er ikkje prisen klar enno.
Bussen vil dra frå Sauland klokka 09.00.

Synes du dette høyrest bra ut så kan du melde deg på til
Svein Bakkalia tlf: 97535468 eller Torgunn Opsal tlf: 46944521