Logoen til HHL er ei forenkla teikning av ein stavkyrkjeportal. Alle bygdene i Hjartdal har hatt stavkyrkjer.
Sauland stavkyrkje blei reven i 1860, men portalen blei berga, og står nå utstilt på Historisk museum i Oslo. Det var denne som avgjorde takhøgda da utstillingshallen blei bygd.
Treskiltet er laga av Jon Bondal (Bondal Snikkarverkstad) til bruk ved stands på bygdedagar mv.