Mange husmannsplassar og andre mindre buplassar i bygdene er i ferd med å bli borte for godt. Mange stader er det bare rester etter murar å sjå – og andre stader ikkje det eingong.
Derfor gjer HHL ein innsats for at kunnskapen om desse plassane skal bli tatt vare på.
Arbeidet går ut på å leite opp plassane, ta bilde av restane, og å registrere nøyaktig plassering ved hjelp av GPS. Oppmåling og ei enkel skisse av korleis hus var plassert er også eit mål å få til.
Dette skal så bli lagra samman med den kunnskapen ein har om plassen frå før – som tekst frå Hjartdalsoga og gamle foto om det finst.