Fond til kulturminnevern

Historielaget har frå 2014 oppretta eit fond for kulturminnevern i kommunen. Fondet er på 25000 kr. og er tenkt bruka som ei handsrekking til personar i kommunen som jobbar for å bevare ulike former for kulturminne.

Vedtekter for fondet.

  1. Formålet med fondet er å gje økonomisk stønad til vern av ulike former for kulturminner i Hjartdal kommune. Også informasjon og spreiing av kunnskap om kulturminner kan få tildeling frå fondet.
  2. Styret i historielaget er også styre for fondet.
  3. Startkapitalen for fondet settast til 25000,-kr. Endring av denne summen må godkjennast av årsmøtet. Jvnf. Pkt. 5
  4. Tildeling frå fondet blir normalt gjeve ein gong i året, etter skriftelig søknad innan 1.april. Opplysning om søknad og søknadsfrist blir gjort kjent i lokalavisa. Styret kan likevel bestemme å ikkje dele ut fondsmidlar eitt eller fleire år, dersom ein finn at ingen søknad fyller krava til stønad.
  5. Endring av vedtektene må godkjennast av årsmøtet.

 

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark