Slettefjellvegen

Slettefjellvegen er ein del av den gamle stulsvegen som gjekk frå Fossegrenda i Sauland til  stulsområdet Mjellefet/Slåkja i Slåkådalen. Slettefjellvegen er om lag siste 2/3 av denne strekningen.

Den er merka, og startar frå skogsbilvegen (Himingvegen) ca 200 m frå stulsgrenda Kringlemyr i retning Sauland. Herifrå gjeng vegen forbi Listulen, opp det lange Sauarskåtet, og vidare mot vest innunder Himing og Slettefjell. Fin utsikt mot Slåkådalen og Heksfjell i nord, og mot Slåkånuten og Mælefjell i nord-vest.

Etter Sauarskåtet stig vegen gradvis frå ca 500 til 700 m. fram mot Mjellefethaugen. Her gjeng den merka vegen ca 1 km. ned til stulane ved Mjellefet, mens ein umerka og delvis attgrodd sti gjeng vidare mot sør-vest inn til stulane lenger inn i Lifjell.

Ved Mjellefet kjem ein inn på bilvegen mot Slåkja, men den gamle stien vidare til Slåkåstulen er også her merka parallelt med bilvegen . Normal gangtid er rundt 4 timar til Mjellefet, og ein god halvtime ekstra heilt til Slåkja.

Vegen er lagt inn på Turkart Sauland.

Vi les i årsmelding for 2010:

Dei siste par åra har ei gruppe innan laget rydda og merka gamle ferdselsvegar, i hovudsak i Sauland. Siste året har det ikkje vore nokon nye prosjekt, men me har gått over og ”finpussa” det som tidlegare er gjort.

18.august arrangerte me ein fellestur på ein av desse stiane: Den gamle stulsvegen langs med Slettefjell til Slåkja. Flaumskade på bilvegen, som me måtte ha transport på tilbake, bidrog til at berre 16-18 per- sonar stilte opp, men dei som blei med, fekk i alle fall ein fin tur.  På dette feltet har me felles interesser med Notodden turlag både om rydding og arrangering av turar. Den same rydningsgruppa har derfor tatt ein uformell kontakt med Notodden turlag for å kunne få til eit samarbeid. Det er møtt med velvilje også frå turlaget

 

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark