Vedtekter for Hjartdal historielag

Vedtekter for Hjartdal historielag

Vedtatt på årsmøtet 2016
Ny paragraf 8 vedtatt på årsmøtet i 2017
Tillegg til paragraf 2 og paragraf 5 vedtatt på årsmøtet 2020

  • 1 –  Føremål

Hjartdal historielag skal ha til føremål å vekke, auke og spreie interessa for fortida til bygdene Hjartdal, Sauland og Tuddal. Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med dei samfunnstilhøva vi har i dag. Laget skal ta vare på lokalhistorisk  kunnskap og materiale, og arbeide for vern av kulturminne.

  • 2 – Medlemskap

Enkeltpersonar, ektefeller eller sambuarar og organisasjonar, kan løyse medlemskap i Hjartdal historielag.
Ektefeller eller sambuarar har begge stemmerett. Organisasjonar vel ein representant med stemmerett.
Alle har fulle medlemsrettar når medlemskontingent er betalt innan fristen.  
Æresmedlemmar har gratis medlemskap.

  • 3 – Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast kvart år før 1.april og innkallast seinast 14 dagar før.
Forslag skal vere hos styret seinast 1 veke før årsmøtet.
Årsmøtet skal godkjenne styrets årsmelding og årsrekneskap, og velge styre med leiar og styremedlemmer.
Årsmøtet skal også velge varamedlemmer og valgkomite og utnemne ein revisor utanom styret.
Alle bør velgast for 2 år om gongen. Omlag halvparten av styret og omlag halvparten av valgkomiteen skal vere på valg på same tid.
Medlemskontingenten skal fastsettast av årsmøtet.

  • 4 – Styret

Styret bør ha representantar frå ulike delar av kommunen, ulike aldersgrupper og begge kjønn.
Styret konstituerer seg på fyrste styremøte etter årsmøtet.
Styret skal ha 6 medlemmer og 2 varamedlemmer.
Minst 4 styremedlemmer må vere til stades for at vedtak kan bli fatta. Leiaren har dobbelstemme ved likt stemmetal.

  • 5 – Styrets oppgaver

Styret har ansvar for god aktivitet i laget, skal innkalle til møte og halde medlemmene informert om arbeidet sitt.
Styret skal dokumentere aktiviteten i laget, føre protokoll frå styremøta, arkivere viktige styrepapir, føre årsrekneskap og krevje inn medlemskontingenten.
Styret skal føre rekneskap med kalenderåret som rekneskapsperiode. Laget kan drive med aktivitetar og prosjekt som kan gje laget rekneskapsmessige overskot. Desse overskota skal bli verande i laget, og gå tilbake til lagets føremål.

  • 6 – Andre organisasjonar

Laget skal vere medlem av Landslaget for lokalhistorie, og der det er naturleg, samordne arbeidet sitt med Telemark historielag og andre lokale historielag.

  • 7 – Vedtektsendring

Skal vedtektene endrast, må dette vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal.
Forslag til endringar må sendast via styret og gjerast kjent for medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.

  • 8 – Oppløysing

Skal laget oppløysast, må dette vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal.
Forslag om oppløysing må sendast via styret og gjerast kjent for medlemmene seinast 1månad  før årsmøtet.
Vedtaket må stadfestast av eit ekstraordinært årsmøte og gjerast kjent for medlemmene seinast 1 månad før. Vedtaket må på nytt fattast med 2/3 fleirtal og vere einaste sak på møtet.

Ved oppløysing skal Hjartdal kommune overta det som laget eig, og disponere dette etter rådføring med Norsk Industriarbeidermuseum og Landslaget for lokalhistorie.

 

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark