Andre publikasjonar frå HHL

skriften_paa_veggen_front«Skriften på veggen»

Ei samla framstilling om krig og  motstandsarbeid i Øvre Telemark 1940-1945.

“Skriften på veggen” var særmeldinga frå BBC som varsla at eit flyslepp var på veg frå England til Hjartdalsfjella. Symbolikken i uttrykket er henta frå Bibelen og er eit varsel om at noko vil skje. Dette karakteriserer også nazistanes frammarsj i 1930-åra. Mange oppdaga ikkje nazismens sanne ansikt før det var for seint.

Det same uttrykket blei også nytta under krigen som einaste åtvaringa frå motstandsrørsla  til lokale nazistar som dreiv med angiveri.

Det var med glede Hjartdal historielag for fyrste gong kunne presentere ei bok. Kva var vel meir naturleg i 1995 enn å presentere historia om okkupasjonen sett frå Hjartdal? Når vi så mellom medlemmene hadde initiativtakaren og forfattaren av boka, Svein Vetle Trae, så var det ingen grunn til å la denne anledningen gå frå seg, men å få historien ned på papiret for ettertida.

Boka er på over 280 sider og har bra med foto og illustrasjonar. Ho skil seg frå dei fleste liknande bøker ved at absolutt størstedelen av stoffet er fortalt med eigne ord av folk som på ein eller annan måte var knytt til hendingane. Traes hovudarbeid har vore å gjere intervju med over 50 personar! for så å knyte samman denne veldige stoffmengda til ei systematisk framstilling om krigen og okkupasjonsåra. Mange års engasjement i stoffet ligg bak arbeidet.

Vi vil presisere at dette er boka om motstandsarbeidet i Øvre Telemark – sett frå Hjartdal. Motstandsarbeidet i bygdene våre var ein del av mykje større opplegg. Geografisk ligg vi mellom viktige krigshistoriske stader som Vinje, Rjukan og Notodden/Kongsberg. Dette gjer at utgangspunktet Hjartdal vil skaffe lesaren ein svært god oversikt over kva som eigentleg skjedde i Øvre Telemark i desse tunge og dramatiske åra. Nå er det først og fremst den militære delen av historia som det er lagt vekt på. Motstandsarbeidet til Milorg tek mest plass, men sjølvsagt er dette sett i samanheng med den krigskvardagen som dei eldste i dag nok vil kjenne att.

Boka blei utgjeven i samband med frigjeringsjubileet 1945-1995 i Hjartdal kommune

 

skog_og_skogbruk_frontSkog og skogbruk i Hjartdalsbygdene

Hjartdal skogeierlag markerte 100-årsjubileet for organisert skogbruk i hjartdalsbygdene i 2012. Dette var ein fin anledning for eit grundig tilbakeblikk på kva skogen har hatt å seie for bygdene våre, ikkje berre desse siste 100 åra, men så langt attende som det er historiske teikn å finne.

Det står framleis hus i Hjartdal med spor attende til 1200-talet. Dette tyder på at folket alltid har visst å nytte og å setje pris på skog og trevirke som ressurs. Om mykje av inntektene av skogen har forsvunne ut av bygdene gjennom tidene, har skogen vore ei viktig inntektskjelde for skogsarbeidarar og skogeigarar i hundrevis av år.

Historia i boka femner både om dei store linene, og dei nære og små
detaljane i dagleglivet til dei som har hatt sitt virke i skog og skognæring gjennom tidene.

Hjartdal historielag blei spurt av Hjartdal Skogeierlag om dei kunne stå for ei jubileumsbok. Dette oppdraget tok eit par aktive medlemmer på seg. Boka er skriven av Torkel Hytta, og redigert og utforma av Leif Skoje.

Ansvarleg utgjevar er Hjartdal skogeierlag. Boka kan skaffast både frå skogeierlaget og historielaget.

 

for_at_finde_front«…for at finde en blidere skjebne«

I 1989 markerte Hjartdal kommune at det var 150 år sidan dei første utvandrarane reiste til Amerika. Mellom anna blei boka «…for at finde en blidere Skjebne» utgitt. Forfattarar var Anne Haugen Wagn og Leif Skoje.
Boka er illustrert, bl.a. med fleire teikningar av Svein Grue Carlsen

Boka blei eigentleg til før Hjartdal historielag eksisterte, men utgjevinga og utvandrarjubileet var viktige steg i arbeidet mot opprettinga av laget. Og forfattarane var sentrale i etableringa.

Det finst fraleis nokre få eksemplar hos Hjartdal historielag.

 

 

 

turkart_frontTurkart Sauland

Turkartet der vi har samla svært mange lokale stadnamn frå saulandsområdet var ferdig i 2011. Vi vil sjølvsagt selje mange eksemplar, og kan anbefale medlemmer og andre å kjøpe kartet. Ikkje minst kan det være ei grei gave til utflytta saulendingar, anten dei tenker seg på tur i Sauland eller berre vil ”reise” på kartet.

Du får kjøpt kartet på bensinstasjonen i Sauland, i banken og i bokhandel. Prisen er 100 kr

 

 

 

 

 

 

 

_

 

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark