Historiekveld på Nordbø pensjonat – tysdag 14.april kl.19.00

Denne kvelden kjem konservator Tor Gardåsen frå Telemark museum i Skien for å fortelje om Rikard Berge si innsamling av tradisjonsstoff i Hjartdal tidleg på 1900-talet.

Her vil vi få høyre mykje og mangt om folk og hendingar i bygdene våre – som dei fleste av oss ikkje har høyrt om før.

Visste du at det har budd folk på Fyrebøen og Gymoen, og at Torkjel Aslaugberg grov etter skattar på Djuvsmoen, saman med Tov Djupedal?

Dette er noko av det Rikard Berge skreiv ned da han var i Hjartdal.

Møtet på Nordbø pensjonat er ope for alle og vi håpar mange kjem for å høyre på.

Enkel bevertning.
Inngangspengar: 50,- kr.
Arr. Hjartdal historielag