Har du opplevd våren i Bondal og kulturlandskapet der når sommaren står for døra?
Har du vore på den gamle fjellgarden Suigard og sett deg om på det fantastiske gardsmuseet til Øystein Bondal, med små og store gjenstandar og reiskap som har fulgt garden i fleire hundre år? Kanskje du har vore her før, men berre må sjå alt dette enda ein gong?
Da kan du bli med historielaget til Bondal lørdag 25.juni. Stiftinga Bondal bygdetun og Hjartdal historielag vil denne dagen syne deg rundt på den gamle garden og museet, vi har lapskaus og kaffi til salgs og eit program for dagen vi heilt sikkert trur du vil like.
Nils Bondal tar med seg fela si så slåttemusikk nok ein gong vil bli å høyre utover fjellbygda. Bent Nilsen tar turen frå stulen på Finnvollen og vil fortelje om bondalsbygda og kulturlandskapet. Kanskje vil vi til og med få høyre nokre av våre eldre synge ei eller fleire folkeviser og fortelje ei god historie frå gammal tid.
Vil du vere med på dette, må du melde deg på og bli med i bussen som går frå Hjartdal bygdesentral kl 10, Saulandtunet kl 10.30 og Bøen Camping kl 11. Sjølv om du også kan bruke privatbil vil vi gjerne ha flest muleg i buss pga parkeringa. Bussen går tilbake frå Bondal i 16-tida.
OBS! Ta med deg ein campingstol!
Påmelding tidlegast råd til Thor Tveiten 95 46 77 99, Svein Bakkalia 97 53 54 68 eller Torgunn Opsal 46 94 45 21.