Bygdekveld 9.november

Bygdekveld i Sauland – crossings200

Du er velkommen til  menighetshuset i Sauland søndag 9.november. Hjartdalskoret og Hjartdal historielag har slått seg saman og arrangerer ein tradisjonell bygdekveld, og temaet for kvelden er utvandringshistorie. Arrangementet er ein del av det landsomfattande utvandrarjubileet crossings200 som markerer dei 200 åra som er gått sidan den første organiserte utvandringa til USA i 1825.

Denne første utvandringshistoria, og sjølvsagt ein viktig del av vår lokale historie, blir presentert denne kvelden, først og fremst av Anne Haugen Wagn som har skrive fleire bøker og halde tallause foredrag om temaet.  Bygdene her i Øvre Telemark framskaffa fleire av dei store pionerane i denne historia, og til og med austlandets aller første emigrant. Alt dette er verdt å minnast og samle seg om når eit rundt tal skal markerast.  

Etter kaffepause har vi besøk frå Bondal av Sarah Cathrine Nagell. Vi kjenner henne mellom anna som kordirigent og hardingfelespelar. Med sin amerikanske bakgrunn er ho ein sjølvsagt gjest denne kvelden, og deltar både som musikar og med sin historie som «migrant».

Arrangementet er i samarbeid med Hjartdalskoret som under leiing av Torild Möinichen Skårdal sjølvsagt også bidrar denne kvelden. Her blir det både korsang, visesang og allsang – og i det heile kan ein regne med eit variert program for einkvar smak.

Inngangen er som vanleg gratis når desse laga inviterer!