{"id":532,"date":"2014-03-09T19:37:00","date_gmt":"2014-03-09T18:37:00","guid":{"rendered":"http:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/?p=532"},"modified":"2023-11-10T12:17:41","modified_gmt":"2023-11-10T11:17:41","slug":"1814","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/?p=532","title":{"rendered":"1814 sett fr\u00e5 Hjartdal"},"content":{"rendered":"<p>&nbsp;<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/kirkeskilt_1814_stor.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-medium wp-image-593 alignleft\" src=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/kirkeskilt_1814_stor-300x232.jpg\" alt=\"kirkeskilt_1814_stor\" width=\"300\" height=\"232\" srcset=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/kirkeskilt_1814_stor-300x232.jpg 300w, https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/kirkeskilt_1814_stor.jpg 588w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a>Vi markerer n\u00e5 i 2014 200-\u00e5rsjubileum for det viktigaste \u00e5ret i Norges historie.\u00a0Lokalhistorisk er det ikkje s\u00e5 mykje ein kan gjere ut av 1814, men litt er det.<\/p>\n<p>Her m\u00e5 vi ta utgangspunkt i Prins Christian Frederik som hadde komme til Norge i 1813 som statthaldar og potensiell konge, for \u00e5 ta seg av Norges interesser &#8211;\u00a0 eller danskekongens interesser (derom har dei l\u00e6rde vore i strid i alle desse 200 \u00e5ra) etter fredsavtalen i Kiel januar 1814. Her hadde\u00a0svenskane ved tronarvingen og krigsherren Carl Johan blitt lova Norge som krigsbytte. Danmark hadde valgt feil side i Napoleonskriganes siste fase og n\u00e5 sto p\u00e5 den tapande Napoleons side.<\/p>\n<p>Christian Frederik var tronarving i Danmark og fetter til danskekongen Frederik VI. Han var visstnok ein storsjarm\u00f8r, men ogs\u00e5 med skj\u00f8nn for politikk og med eit visst demokratisk sinnelag. I alle fall skj\u00f8na han etter litt p\u00e5trykk at skulle han bli norsk konge m\u00e5tte han ha ei viss st\u00f8tte i nordmennene som folk. Tida var over for at ein konge kunne p\u00e5berope seg \u00e5 f\u00e5 krona direkte fr\u00e5 Gud.<\/p>\n<p>Etter ei reise til Trondheim for \u00e5 gjere seg kjend i og med landet og ein del av folket, samla han ein del betydningsfulle menn p\u00e5 Eidsvoll den 16 februar til eit slags taktikk-m\u00f8te. Etter dette s\u00e5kalla notabilitetsm\u00f8tet &#8211; eller stormannsm\u00f8tet, gjekk det ut p\u00e5legg til alle landets prestegjeld om \u00e5 foreta seg to ting ved ei gudsteneste s\u00e5 snart som mulig:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">1) Prestane skulle syte for at kyrkjelydane skulle sverge p\u00e5 at dei ville forsvare norges rike<br \/>og<br \/><span style=\"font-size: 13px;\">2) Det skulle utnemnast valgmenn som deretter skulle komme samman fylkesvis (amtsvis) for \u00e5 velge utsendingar til ei grunnlovgjevande forsamling.<\/span><\/p>\n<p>Prinsen hadde ikkje mykje tid p\u00e5 seg. Carl Johan ville p\u00e5 ingen m\u00e5te at nordmenn, og i alle fall ikkje ein dansk prins skulle ta seg av \u00e5 nyordne Norge. N\u00e5 var heller ikkje Carl Johan utan syn for moderne demokratiske tankar, han kom jo fr\u00e5 revolusjonslandet Frankrike. Men skulle Nordmennene ha eiga grunnlov, skulle i alle fall Sverige og han sj\u00f8lv legge premissane.<\/p>\n<p>At Christian Frederik i det heile s\u00e5g det mulig \u00e5 bli norsk konge v\u00e5ren 1814 hadde sin grunn i at Carl Johan var opptatt med siste innsats for \u00e5 sette Napoleon p\u00e5 plass &#8211; langt nede i Europa. Dette gav det pusterommet som n\u00e5 Prins Christian Frederik og notabilitetane p\u00e5 Eidsvold kunne nytte seg av. Dermed gjekk &laquo;rundskrivet&raquo; ut til sogneprestane , og i l\u00f8pet av februar og mars greidde dei fleste \u00e5 gjennomf\u00f8re p\u00e5legget. I Nord-Norge var det sj\u00f8lvsagt umulig \u00e5 f\u00e5 til dette i tide, derfor rakk heller ikkje nokon derifr\u00e5 fram til Eidsvoll i tide.<\/p>\n<p>N\u00e5 er vi alts\u00e5 framme ved den vesle lokalhistoriske biten av dette store historisk\/politiske dramaet.<\/p>\n<p>Ved litt s\u00f8king i digitalarkivet\/arkivverket p\u00e5 Hjartdal og 1814 finn vi f\u00f8rst eit fint gammalt dokument med \u00a0nokre f\u00e5 liner gotisk handskriven tekst og 12 \u00e6rverdige raude lakksegl under.<\/p>\n<p>Av dokumentet som er datert den 18 Marti 1814 &#8211; ein fredag &#8211; g\u00e5r det fram:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em>At Sognepr\u00e6sten Johannes Henric Lind og Odels-Bonden Gundleic Olsen Bolkeski\u00f8e, af Hjerdahls Pr\u00e6stegields samtlige Almue ere udn\u00e6vnte til at v\u00e6re paa Menighedens Vegne de tvende Valgm\u00e6nd ved M\u00f8det paa Fossum Jern-V\u00e6rk den 23de Marti 1814. \u2014<\/em><\/p>\n<p>Og under dette har alts\u00e5 nokre av bygdas viktige personar attestert at alt har g\u00e5tt rett for seg:<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/valgdokumnet1814_1100.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" src=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/valgdokumnet1814_1100-193x300.jpg\" alt=\"valgdokumnet1814_1100\" width=\"193\" height=\"300\" \/><\/a><\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em>Det attesteres herved af os undertegnede under Haand og Signete.<br \/><\/em><em>Hierdahls Hoved-Kirke den 18de Marti 1814.\u2014<\/em><\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em>Johannes H. Lind<br \/>Mathias Mathiasen Kleppen Lensmand<br \/>Ole Kittils\u00f8n D\u00f8hln<br \/><\/em><em>Tosten Torbi\u00f8rns: Hovde Medhielper<br \/>Oie Nielsen Aasen Medhielper<br \/>Halvor H\u00f8ljes: Haave.<br \/><\/em><em>Thor Bendts: Guttehuus<br \/>Tarjer Halvorsen Aab\u00f8e<br \/>Gisle Knudsen Rui Klokker<br \/><\/em><em>John Johansen Fladland<br \/>Johannes Helgiesen Havsten Medhi\u00e6lper<br \/><\/em><em>Gullech Olsen Bolchesi\u00f8e<br \/>Hans Kitteisen Fr\u00f8land Medhielper<\/em><\/p>\n<p>Hjartdal var hovudsognet, og valgkyrkja blei sj\u00f8lvsagt den heilt nye Hjartdalkyrkja som byggmeisteren Halvor H\u00f8gkasin hadde overlevert kyrkjelyden i 1812.<\/p>\n<p>At presten var den eine &laquo;utn\u00e6vnte&raquo; var nok sj\u00f8lvsagt i mange bygder. I tillegg valde hjartd\u00f8lane Odels-Bonden Gundleic Olsen Bolkeski\u00f8e. Gransherad og Bolkesj\u00f8grenda h\u00f8yrde jo til Hjartdal prestegjeld fram til 1859. Og bonden p\u00e5 Bolkesj\u00f8 var ein leiarfigur i \u00d8vre Telemark, eller Bratsberg som amtet heitte den gongen. Dessutan var det etter reglane at minst ein bonde skulle velgast.<\/p>\n<p>Det var verkeleg hastverk, for alt onsdagen\u00a0etter m\u00e5tte dei to innfinne seg p\u00e5 Fossum jernverk ved Skien saman med utsendingar fr\u00e5 dei andre bygdene i Bratsberg amt for \u00e5 velge utsendingar til Eidsvollforsamlinga. Dei er dermed i gang med det f\u00f8rste offentlege valget i Norges historie.<\/p>\n<p>Men finst det meir handfast kjeldemateriale fr\u00e5 Hjartdal i desse dagane? Vi b\u00f8r kanskje sj\u00e5 om presten har skrive noko i kyrkjeboka ved ein slik anledning.\u00a0 Vi m\u00e5 til Arkivverket p\u00e5 internett igjen. Vi leitar oss fram i &laquo;Ministerialbok for Hierdal&raquo;:\u00a0<a href=\"http:\/\/www.arkivverket.no\/URN:kb_read?show=164&amp;uid=11630&amp;urnread_imagesize=gigant&amp;hode=nei&amp;ls=1&amp;lc=x%259CK%25B42%25B2%25AA.%25B62%25B4R%25CAT%25B2.%25B62%25B1R2467%25061%2581B%25C5J%25D6%2599V%2586f%2526%25D6%25B5%2500%25C9%2B%2509%25EB\">Hjartdal, Ministerialbok nr. I 6 (1801-1814), Kronologisk liste 1814, side 124<\/a>.<\/p>\n<p>Vi finn ei side som \u00f8verst har ei liste over konfirmantar i Hjartdal 6.mars. Lenger ned finn vi det som er interessant i v\u00e5r sammanheng:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em><span style=\"font-size: 13px;\">I Hierdahls Kirke Fredagen dj. 18d Martz blev holdt en befalet Takkefest for Landets Frelse fra fiendtlighederne hidindtil \u2013 samt B\u00f8n-Fest imod fremdeles fiendtlig Vold mm. Hvorda tillige Folket blev taget i Eed paa at ville forsvare Norges Rige etc.<\/span><\/em><\/p>\n<p>Da er edsavlegginga dokumentert, men ingenting er nemnt om valget, Det fekk jo sitt eige dokument og det var vel ingen grunn til \u00e5 sl\u00f8se med papir og blekk den gongen.<\/p>\n<p>Korleis opplevde hjartd\u00f8lane s\u00e5 dette? Her har vi d\u00e5rleg med lokale kjelder. Vi m\u00e5 bare tenke oss til ut fr\u00e5 kva vi elles veit om denne tida. Kunnskapsniv\u00e5et var nok ikkje h\u00f8gt hos folk flest, men nokre av b\u00f8ndene f\u00f8lgde nok med ein del. Vi veit fr\u00e5 andre kantar at sj\u00f8lve edsavlegginga kom helit bardus p\u00e5 mange i kyrkjelyden. Dette var ikkje sm\u00e5tteri n\u00e5r eiden var formulert slik:\u00a0<em>Sverger dere \u00e5 hevde Norges selvstendighet og \u00e5 v\u00e5ge liv og blod for det elskede Fedreland?<\/em>\u00a0Svaret skulle vere:\u00a0<em>Det sverger vi, s\u00e5 sant hjelpe oss Gud og hans hellige ord<\/em>.<\/p>\n<p>Valget m\u00e5 ha vore administrert p\u00e5 ein forst\u00e5eleg m\u00e5te. Ein kan ogs\u00e5 legge merke til at dette skjedde p\u00e5 ein fredag, og ikkje i samband med ei sundagsgudsteneste. M\u00f8tet, den s\u00e5kalla bededagen, var jo spesielt befalet.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 m\u00e5 vi hugse p\u00e5 at folk i Hjartdalsbygdene som elles i landet var heilt utsulta og nedkj\u00f8rt i desse \u00e5ra. Ikkje bare p\u00e5 grunn av krigen og at &laquo;engelske kryssere stengte hver havn&raquo; som det stod i <em>Terje Vigen<\/em>. 1812-13 var dei verste u\u00e5ra vi kjenner til i Norges historie. Det var rein hungersnaud og folk hadde d\u00f8ydd i hopetal, b\u00e5de direkte av svolt og enda fleire av sjukdomar som f\u00f8lge av n\u00e6ringsmangel. Br\u00f8d blei baka av knust bark i s\u00e5 stort omfang at det faktisk gjekk utover skogen i ti\u00e5r etter, er det fortalt.<\/p>\n<p>Kven hadde stemmerett?<\/p>\n<p>P\u00e5 m\u00f8tet ved Fossum jernverk 23.mars blei det vald tre utsendingar til Eidsvoll. Og eit litt meir omstendeleg brev til prinsen blei utforma<\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em>Deres Kongelige H\u00f8yhed Norges Regent!<br \/><\/em><em>Naadigste Prints!<\/em><\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em> F\u00f8lgelig Deres Kongelige H\u00f8yheds naadigste Befaling til Bradsberg Amt, give vi os den \u00c6re underdanigst at indberette, at vi Amtets samtlige Valgmaend, i Dag vare forsamlede paa Fossum Jernv\u00e6rk, for at v\u00e6lge 3de Deputerede for Bradsberg Amt, til den af Deres Kongelige H\u00f8yhed berammede Rigs Forsamling paa Ejdsvold anstundende 10de April. Til dette h\u00e6derlige og vigtige Kald have vi valgt Dhrr. Kammerherre Amtmand L\u00f8venskiold, Justitsraad og Ridder Cloumann samt Bonden Tallef Huvestad hvem vi paa vores og vore Medborgere og Medbr\u00f8dre i Bradsberg Amt deres Vegne, herved bemyndige til at beslutte og iv\u00e6rksette, Alt hvad de i Foreening med Rigets \u00f8vrige Deputerede, maatte ansee gavnligt for F\u00e6drenelandet og dets tilkommende Styrelse, hvortil vi bede Gud den Alm\u00e6gtige l\u00e6gge sin Velsignelse. \u2014<\/em><\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em> Vi anbefale vores Amt og os selv i Deres Kongelige H\u00f8yheds naadigste Bevaagenhed!<\/em><br \/><em> Fossum Jernv\u00e6rk den 23de Martii 1814.<\/em><\/p>\n<p style=\"padding-left: 60px;\"><em> Underdanigst&#8230;<\/em> (Og her kjem underskriftene til alle p\u00e5 m\u00f8tet, mellom andre dei to fr\u00e5 Hjartdal.)<\/p>\n<figure id=\"attachment_577\" aria-describedby=\"caption-attachment-577\" style=\"width: 125px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a style=\"font-size: 13px;\" href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/peder_j_clouman.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-577  \" src=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/peder_j_clouman.png\" alt=\"peder_j_clouman\" width=\"125\" height=\"140\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-577\" class=\"wp-caption-text\">Peder J. Clouman<br \/>(Opprinneleg presteson fr\u00e5 Heddal)<\/figcaption><\/figure>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<figure id=\"attachment_579\" aria-describedby=\"caption-attachment-579\" style=\"width: 125px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/t_o_huvestad.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-579  \" src=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/t_o_huvestad.png\" alt=\"t_o_huvestad\" width=\"125\" height=\"140\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-579\" class=\"wp-caption-text\">Tallef.O.Huvestad<\/figcaption><\/figure>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<figure id=\"attachment_578\" aria-describedby=\"caption-attachment-578\" style=\"width: 125px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/severin_l.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-medium wp-image-578 \" src=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/wp\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/severin_l.png\" alt=\"severin_l\" width=\"125\" height=\"140\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-578\" class=\"wp-caption-text\">Severin L\u00f4venskiold<\/figcaption><\/figure>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>I tillegg til desse som var valde fr\u00e5 landdistrikta valde byane sine eigne representantar. Byane h\u00f8yrde administrativt under Akershus Stift, ikkje Bratsberg Amt. \u00a0Fr\u00e5 Skien &#8211;\u00a0Grosserer og Borgerrepr\u00e6sentant Didrich von Cappelen, fr\u00e5 Porsgrunn &#8211;\u00a0Grosserer og StadsCapitaine J\u00f8rgen Aall og fr\u00e5 Krager\u00f8 &#8211; Hr. Auditeur Hersleb Hornemann, dette St\u00e6ds Byefoged.<\/p>\n<p>Dermed har vi oversikten over kven som var utsendingar fr\u00e5 det som i dag er Telemark. I tillegg valde milit\u00e6rvesenet sine eigne representantar. Av desse kan det ogs\u00e5 vere telemarkingar, utan at vi f\u00f8rebels har klart \u00e5 finne ut av det.<\/p>\n<p>&laquo;Telemarkingane&raquo; var enige om at norsk sj\u00f8lvstende var for optimistisk \u00e5 h\u00e5pe p\u00e5 i desse spente politiske tidene. Dermed slutta dei seg til tanken om \u00e5 godta Kielfreden og satse p\u00e5 ein tilslutnad til Sverige, men ved hjelp av ei norsk grunnlov \u00e5 kunne skaffe lande ein mykje meir sj\u00f8lvstendig status enn i utgangspunktet tenkt fr\u00e5 Karl Johan. S\u00e6rleg n\u00e6ringslivsfolk p\u00e5 Austlandet, med Grev Herman Wedel Jarlsberg i spissen, gjekk for denne l\u00f8ysinga. Desse var i mindretal p\u00e5 Eidsvoll, men det var deira l\u00f8ysing som blei den endelege i l\u00f8pet av hausten.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld Huvestad kan vi regne han som den tydelege bonderepresentanten fr\u00e5 Telemark og dermed i stor grad ogs\u00e5 hjartd\u00f8lanes mann. Dei andre representantane var fr\u00e5 h\u00f8gare samfunnsklasser. Men Huvestad gjorde seg gjeldande p\u00e5 Eidsvoll. Vi siterer fr\u00e5 boka <em>1814 &#8211; Miraklenes \u00e5r<\/em> av Karsten Aln\u00e6s. Han skriv om bonderepresentantane:<\/p>\n<blockquote>\n<p>En av dem er Talleiv Huvestad, som var \u00abmann for sitt ord, han leste og skrev, var skolel\u00e6rer, vaksinator\u2019 prestens medhjelper- og foregangsmann innenfor det lokale landbruket i L\u00e5rdal der han kom fra\u00bb.<\/p>\n<p>P\u00e5 Eidsvoll grep Huvestad ordet i saker som hadde med b\u00f8ndenes interesser \u00e5 gj\u00f8re. Han forsvarte blant annet odelsretten og gikk inn for at verneplikten skulle v\u00e6re allmenn og ikke bare p\u00e5ligge b\u00f8ndene. Dessuten mente han, som ogs\u00e5 en annen bonderepresentant, at \u00abJordbrug, Skogdrift og Sagbrug b\u00f8r fornemmeligen v\u00e6re Bondens Sag\u00bb.<\/p>\n<p>\u00abDer var ingen bonde som la seg so mykje i grunnlovsarbeidet som han\u00bb, skriver Halvdan Koht, og mener Huvestad var en av dem som sto bak forslaget om at det gamle kirkegodset skulle selges, og at borgere i byene ikke burde f\u00e5 eie g\u00e5rdsbruk p\u00e5 bygdene. Tanken var selvsagt at det var b\u00f8ndene som skulle f\u00e5 anledning til \u00e5 skaffe seg den solgte presteg\u00e5rdsjorda.<\/p>\n<p>Embetsmennene ga mange godord om Huvestad, \u00abder under sin Vadmelskofte skjulte et Fond af Kundskaber, der maatte frappere Enhver\u00bb, if\u00f8lge Gustav Blom.<\/p>\n<p>Hverken Huvestad eller de andre b\u00f8ndene kom til \u00e5 gj\u00f8re seg s\u00e6rlig gjeldende i de ukene som n\u00e5 skulle komme. Det var imidlertid vekket en folkelig opposisjon, riktignok svak og ubetydelig, men likevel med konturene av et politisk program som skulle vokse seg stadig sterkere i ti\u00e5rene som fulgte og bane veien for et bredere fundert demokrati. Men forel\u00f8pig s\u00e5 vidt v\u00e5knende.<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>___________________________________________________<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\"><a href=\"http:\/\/www.arkivverket.no\/arkivverket\/Tema\/1814\/1814-vaare-foerste-nasjonale-valg\">http:\/\/www.arkivverket.no\/arkivverket\/Tema\/1814\/1814-vaare-foerste-nasjonale-valg<\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n\n\n<p><a href=\"http:\/\/www.arkivverket.no\/arkivverket\/Tema\/1814\/1814-vaare-foerste-nasjonale-valg\">valg<\/a><\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\nhttps:\/\/www.kirken.no\/?event=doLink&#038;famID=384478\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p>file:\/\/\/C:\/Users\/Leif\/Downloads\/grunnlovsjubileet_1814-2014_festgudstjeneste_bonnedag_for_land_og_folk.pdf<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>&nbsp; Vi markerer n\u00e5 i 2014 200-\u00e5rsjubileum for det viktigaste \u00e5ret i Norges historie.\u00a0Lokalhistorisk er det ikkje s\u00e5 mykje ein kan gjere ut av 1814, men litt er det. Her m\u00e5 vi ta utgangspunkt i Prins Christian Frederik som hadde komme til Norge i 1813 som statthaldar og potensiell konge, for \u00e5 ta seg av &hellip; <a href=\"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/?p=532\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">1814 sett fr\u00e5 Hjartdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[7],"tags":[],"class_list":["post-532","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-historie"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/532","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=532"}],"version-history":[{"count":63,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/532\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1350,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/532\/revisions\/1350"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=532"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=532"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/hjartdalhistorielag.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=532"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}