Den tidlege utvandringa frå Aust-Telemark til USA

av Leif Skoje

Innhald:

  • Dei første vestlendingane utvandra i 1825
  • Utvandringa startar på indre austlandet
  • Den første tuddøl og heddøl reiser
  • Det store utvandringsåret 1839
  • Luraas-følget
  • Dei første frå Gransherad
  • 1841 – året da saulendingane kom
  • Meir om Muskego
  • Halvor Nelson Lonar og Muskegokyrkja
  • Katastrofale helsetilhøve
  • Bakgrunnen for utvandringa

Denne oversikten over den tidlegaste utvandringa frå Aust-Telemark bygger delvis på eit par av artiklane i boka «…for at finde en blidere Skjebne» som kom i samband med utvandringsjubileet i Hjartdal i 1989. Meir er blitt kjent, og meir har blitt utgjeve sidan den tid, og ny kunnskap har gjort at enkelte opplysningar må rettast opp. Det viktigaste er at professor Gerhard B. Naeseth (1913-1994) har gitt ut dei to første banda av ein oversikt over alle norske utvandrarar frå 1825. Det er meininga at verket skal førast fram til 1850. Nytt i denne artikkelen er det også at det er tatt med ein del om gransheringar og heddølar som emigrerte i dei første åra.

At folk frå vestlandsfjordane var tidlegast ute med å emigrere til Amerika, skal vi heile tida vere klar over. Utan å redusere deira pionerinnsats, må vi frå vår ståstad likevel kunne seia at desse hadde eit betre utgangspunkt med mykje større tradisjonar og kunnkapar når det galt skip og sjøreiser.

Når vi skal ta for oss den tidlegaste utvandringa frå det indre av Norge, ser vi straks at denne hadde sitt kjerneområde i Øvre Telemark og Numedal. Her kom dei frå, pionerane som fann det nye landet før folk frå både sentrale austlandsbygder, dei store dalane og til og med meir kystnære strok på sørlandet, i Trøndelag og i Nordnorge. Tinn var først ute, men dette er forsåvidt velkjent, derfor skal vi her legge vekt på nabobygdene i sør.

At nokre av nabobygdene til Tinn, – Tuddal, Gransherad, Hovin og Heddal får ei viss sporadisk utvandring dei same åra, er nokså naturleg. Det som krev ei nærmare forklaring, er kvifor Hjartdal og anneks-sognet Sauland hadde omlag like stor utvandring som Tinn desse første åra. Og kvar er samanhengen mellom dei mange hjartdølar og dei mange tinndølar (Luraasfølget) som reiste i 1839?

Men la oss sjå på historia frå begynnelsen:

Dei første vestlendingane utvandra i 1825

Vi reknar 1825 som årstalet for den første utvandringa frå Noreg til USA. Det var da at sluppen «Restauration» la ut frå Stavanger med 52 barn og vaksne frå distrikta deromkring. Leiaren heitte Lars Larson Geilane. Han hadde vore krigsfange i England under napoleonskrigane. Der hadde han blitt kvekar. Seinare kom ei gruppe rogalendingar til å bli med i denne sekta. Og om det ikkje var direkte religiøs forfølging som fekk desse til å reise til Amerika, så er det klart at dei ikkje var velsette hos styresmaktene og den offisielle kyrkja. Og kunnskapen om det frie Amerika som alt på denne tid var utbreidd på Vestlandet, gjorde at utvandring var beste utvegen.

Dei reiste ikkje heilt på lykke og fromme. Nokre år før hadde dei sendt folk til Amerika for å undersøke tilhøva. Først og fremst var dette Klein eller Klemet Pederson Hesthammer. Seinare blei han nok betre kjent under namnet Cleng Peerson. På grunn av denne reisa og mykje annan aktivitet i ulike delar av USA, har han sidan blitt sett på som den norske utvandringas grunnleggar. Cleng Peerson førde følget frå «Restauration» først til Kendall ved Ontariosjøen i staten New York. Seinare fekk han dei fleste til å flytte til Fox River sørvest for Chicago i Illinois. Med dette var ruta lagt for den store norske utvandringa til midtveststatane i USA.

Utvandringa startar på indre austlandet

Nå starta ikkje denne Rogalandsgruppa noko plutseleg ras av utvandring. Det tok 10-15 år før det blei noko større oppfølging. Nokre få er registrerte åra etter 1925, og i 1836 reiste det eit nytt følge frå Rogaland, leia av Knut Andersen Slogvig. Han agiterte for utvandring gjennom brev heim. Folka hans slo seg også ned i Fox River.

o-nattestadOg rykta om den nye framtida i vest tok til å breie seg. Langs dei gamle handelsvegane, Normannsslepene over Hardangervidda, for dei to brørne Ole og Anstein Nattestad. Desse var frå Veggli i Numedal og dreiv på Vestlandet med sauehandel, truleg utan den heilt store suksessen. Derimot hadde dei opplevd å høyre om amerikautvandringa. Dei hadde mellom anna fått lese brev frå amerikafararar. Dermed hadde interessa for den nye verda blitt vekt. H.H.Einung skriv på sitt klangfulle dialektprega landsmål i Tinnsoga I s.482:

«…Desse (vestlendingane) skrepte uhorveleg taa landet, og numedølane (Ole og Anstein m.fl.) blei forvitne og grov og spurde, og da dei fekk greide paa at det alt neste aar skulde fara ein Amerika-baat fraa Stavanger, for dei heim for aa bu seg til reis.

… Desse tri karane kom på ski over fjellet fraa Numedal og til Luraas-Rue i Austbygdi. Som rimeleg blei dei mykje atgaadde, folk spaadde del ilde og sa at dei kunde likso godt hengje seg upp i eit tre, «saa slapp de en værre skjæbne.»Men folket i Rue tenkte ikkje so. Dei bad numedølane skrive naar dei hadde fenge seg bustad der burte. Dei so gjorde og rosa umaateleg landet og tilhøvi. Dette gav støyten til, at dei fyrste tinndølar budde seg til reis vaaren 1837.

Dette er den ytre grunnen til det første utvandrarfølget frå øvre Telemark (Rue-følget). Sjølvsagt er det mange underliggande tilhøve som ein historikar kunne ta for seg. At desse tinndølane var særleg disponert for eit oppbrot, er heilt klart. Ei grundig analyse av dette kan lesast i boka «Tinns emigrasjons-historie» av Andres A. Svalestuen (Universitetsforlaget 1972). Mange av opplysningane i den boka kan også gjelde for Hjartdal.

Svalestuen skriv om avreisa til Rue-følget, det aller første frå Tinn:

…En vårdag i 1837, – nærmere bestemt den 17. mai, hadde en større menneskemengde samlet seg på Sandvinlandet ved Tinnsjø i Atrå hovedsogn i Tinn. Rosemalte kister, nistebommer; klesbylter og mye annet utstyr var lastet omhord i en flåte av føringsprammer. Noe usedvanlig var på ferde. Både prest og lensmann hadde møtt opp. Det var noe definitivt i de alvorsfylte avskjedshilsener. Prost Schive talte formanende ord. Tradisjonen forteller at han også lot falle kritiske ord. Snart satte de fullastede prammene seg i hevegelse sørover den tre og en halv mil lange Tinnsjø. Det var første etappe på en lang og besværlig reise over land og osean til den nye verden. Denne fortroppen av emigranter slo seg ned i Fox River settlementet i Illinois…

Den første Tuddøl og Heddøl reiser alt i 1838

ojh2
O.J.Hovde

Året 1838 er gåtefullt, med lite skrive, men det emigrerte i følge Professor Naeseth 48 personar. Dette var stort sett Vossingar og nokre her frå distriktet. Tuddølen Ole Johnsen Hovde (Landsverk) reiser med båten Republick frå Gøteborg til New York, og det er bare han og nokre aust-telemarkingar og numedølar med på den turen. Heddølen Mathias Thorsen Traaserud med kona Ingeborg Olsdatter Aase og barna Thor, Bergit og Ingeborg er registrerte som emigrantar i 1838, men vi veit ikkje meir om dei.

Men det skjer noko anna viktig i distriktet sommaren 1838. Frå Rue-emigrantane, kjem det brev som blir grundig studert av mange fleir enn adressatane. Og til manges store overrasking kjem Ansten Nattestad heimatt i god behold, og gjetordet om dette går ut over bygdene. Truleg er også Ole Nattestad heime att seinare mot vinteren. Folk reiser opp til 20 mil for å høyre Anstein fortelje om dei nye framtidsmulighetene. Han har til og med med seg manuskriptet til ei lita bok om forholda i Amerika. Denne gjev han ut heime. Det er vel truleg her vi har forklaringa på utvandringa frå Hjartdal og grannebygdene året etter. Det spørs også om ikkje enkeltpersonen Ole Johnsen frå Tuddal og Traaserudfamilien frå Heddal rett og slett bestemde seg fort, og derfor kom seg med ein båt alt samme sommaren

Det store utvandringsåret 1839

Men året 1839 blir det stor utvandringsåret med 415 registrerte. Vossingar og andre vestlendingar er talrike, men på båten Clarissa Andrews som kom til Boston 20 juli, var familien Halvor Jonsen Lia og Aslaug Olsdatter Særsland frå Hjartdal med sønnene Jon og Ole. I tillegg kom seljordingen Halvor Vetleson Dalen og eit par frå Rollag i Numedal og nokre tinndølar. Desse slo seg truleg ned i Fox River som framleis var mest vanleg.

Så på ettersommaren kjem det mange fleire. Særleg to store grupper fekk mykje å seie for den vidare historia. Den eine kjem først og fremst med båten Emilie frå Gøteborg til New York og består av numedølar leia av Nattestadbrørne. Dei slår seg ned rett nordafor grensa til Wisconsin på Jefferson Prairie-settlementet som Ole hadde grunnlagt sommaren året før medan Ansten var heime. Den andre gruppa er følget til Jon Nilson Luraas på skipet Venice.

Luraas-følget

I Telesoga, (eit blad utgjeve i Amerika om og for telemarkingar) les vi om reisa til Luraas-følget:

…Dette fylgje siglde fraa Skien den 17de Mai til Gøteborg. Her fekk dei tinga Skipsrom yvi Have til Boston med ein Amerikaner som laag der og tok inn Jønlast. Fragti var 42 Norske Daler for kvar. Det tok 9 Vikur yvi havet, men dei kom væl fram. Fraa Boston gjekk dei um New-York til Buffalo, og her fann dei ein Kaptein, som tok paa seg aa fragte dei yvi Innsjøane til Millwaukee. Skipet hans var ein elendig Farkost som varr lasta med Krut. De lek som ein Sil, og tvo Gonger heldt dei paa aa forlise paa dei 3 Vikune de tok dei aa kome til Milwaukee. Ei Kjering blei skjult overbord og kom burt. No var det 17 Vikur fraa dei reiste, fraa Skien…

I Boston blei desse telemarkingane lagt godt merke til. Flokkar av byfolk samla seg for å sjå, og dei blei svært overraska over at desse som kom så langt nordfrå såg ut som vanlege menneske. Sjølvsagt var språk, klede og skikkar annleis, men byfolka hadde venta seg at nordmenn skulle vere skinnkledde og ete rått kjøt og drikke tranolje som eskimoar.

Etter den lange ferda over havet med seglskip var altså reisa langt frå over. Frå New York gjekk vegen vidare opp den store Hudson River til byen Albany. Herifrå hadde det i 1825 blitt åpna ein kanal på 58 norske mil gjennom dei Appalchiske fjella til Buffalo ved Eriesjøen. Her gjekk reisa med kanalbåtar dregne av hestar. Båtane var små og overfyllte, og reisemåten var svært ubehageleg. Frå Buffalo var det så om å gjere å skaffe seg skipsplass gjennom dei store sjøane.

Målet for reisa til Luråsfølget var den vesle handelsstaden Chicago (også eit indiansk stadnamn), lengst sør ved Michigansjøen. I nærleiken hadde dei første tinndølane busett seg ved ei elv som heitte Fox-River. Av ein eller annan grunn kom Luraas-følget til å stoppe litt lenger nord, der det heitte Milwaukee. Følget kom dit i september 1839. Dei hadde visstnok ein dansk vegvisar og tolk med seg, men han drukna i sjøen ved Milwaukee medan dei var der. Dette gjorde dei nok meir til offer for tilfeldige «rådgjevarar». I Tinnsoga står det slik s.484:

Kjøpmennene i Milwaukee skyna at desse sterke nykommarane kunne dyrke upp landet kring byen, og talde dei til å slå seg ned der; Soleis kom ein deil tinndølar til å taka bustad ved Lake Muskego, 5 mil sud for Milwaukee…

Det finst også ei utbrodering av historia der det blir fortalt at mennene i «byen» viste nykommarane to menn: Den eine såg sjuk og svært mager ut, og den andre var heller kraftig og velfødd. Så sa dei at den første hadde budd ei stund i Fox River i Illinois, der telemarkingane eigentleg hadde tenkt seg. Den andre, sa dei, han budde i Wisconsin.

Denne siste versjonen er kanskje meir morosam enn sann, men han fortel oss at nykommarar bare måtte vurdere dei råda som var å få og håpe på å velge og stole på dei rette. Mange blei lurt.

Følget sette kursen mot sørvest, og vegen gjekk gjennom skog og over åpne sletter der det var overflod av frodig gras. Dette fekk dei til å vente seg god jord. Og den nærmaste plassen der jorda enda ikkje var oppteken,var altså ved den vesle innsjøen Lake Muskego, i Waukesha county. (County er ei administrativ og geografisk inndeling av ein delstat, mindre enn eit norsk fylke, men større enn ein vanleg kommune.) Folket var svært optimistiske da dei møtte dette området. Der var fisk i sjøen og nok av vilt i skogen, så dermed var saka klar. Dei registrerte seg og betalte landet med $ I.25 pr acre (I acre er litt over 4 da) Dette var før «The Homestead Act», lova som i 1862 gav nykomarane landet så og seie gratis, men det var likevel utruleg billig.

Dersom ein søker kunnskap om utvandringa rundt 1840, så vil ein i mest all litteratur kome til denne staden med det indianske namnet Muskego. Mange av dei første austtelemarkingane som utvandra, og mange andre, slo seg ned der, i alle fall for ei stund. Om det er vanskeleg å spore opp detaljar om livet til namngjevne enkeltpersonar, så kan vi ved hjelp av mykje litteratur om Muskego i alle fall finne ut ein god del om kva som møtte dei i det nye landet, etter månader med reising over hav, land, kanalar og store innsjøar.

Det er Luraasfølget som må ta både æra og skylda for at dette blei eit så viktig settlement. Og vi skal komme attende til dette seinare.

Dei andre hjartdølane frå 1839

Da båten Venice kom frå Gøteborg til Boston med Luraas-følget, var det også med to hjartdalsfamiliar: Ole Olsen Train med kona Anne Anundsdatter Aakre og døtrene Anne og Torgun slo seg av ein eller annan grunn først ned rett sør for Jefferson Prairie, der numedølane var. Og Paul Hansen Dalene med kona Asloug Christiansdatter Funer og døtrene Anne, Ragnhild, Bergith og Asloug blei først verande i staten Michigan før dei seinare flytte til «norske» trakter i Wisconsin.

Men det kjem fleire Hjartdølar dette året. Saman med nokre numedølar på skipet George i september kjem Johannes Torkildsen Bergsland (Flatland) med kona Gunlaug Gunleksdatter Fossejord. Og barna Torkild, Anne, Aslaug og Margit. Dei finn seg truleg til rette i Grundy county nær Fox River.

Ein Yngre kar frå Hjartdal, Søren Olsen Midtbø veit vi også kom i 1839. Vi veit ikkje kva skip han kom med, men han har truleg komme seg til Muskego for seinare enda han i Winnebago lenger nord i Wisconsin, og dei fleste kom dit etter eit førebels opphald i Muskego. Det same gjeld truleg Hans Hansen Dahlen og Ragnhild Gunleksdatter Haugeberg (Gjuv). Sonen Hans blei seinare med i borgarkrigen. I tillegg hadde dei dottera Anne og ein son til.

Hans Olsen Aslaugberg og Gunhild Gunleksdatter Aslaugberg med barna Aslaug og Ole er det ukjent korleis kom og kor dei slo seg ned. Det same gjeld sonen til kyrkjebyggaren Halvor Høgkasin, – Halvor Halvorsen Høgkasin. Han og kona Anne Olsdatter Berge (Lappebakke), hadde med seg barna Halvor, Gunlek og Ole. Ein kan bare spekulere på kva som skjedde med desse. Kanskje blei dei offer for nokre av dei mange farar som følgde med ei slik reise. Eller kanskje gjorde tilfelle at dei kom til andre stader i Amerika enn der vi har kjelder frå. Snekkarevnene til Halvor Høgkasin var det sikkert god bruk for overalt i landet på den tida.

Ein Heddøl skapte ei framtid for seg sjølv og andre

Den unge heddølen, Niels Johnsen Kaasa f.1818, var med i Luraasfølget. Det ser ut til at han blei i Milwaukee og tok seg arbeid første året før han kom etter dei andre til Muskego. Dette var ein kar med store evner, og han var nok ei leiartype. Ti år seinare, i 1850 drog han med eit følge på 12 familiar vestover til Iowa. Der stifta han eit nytt settlement, Washington Prairie i Winneshiek county. Seinare blei han metodistprest I byen Decorah som grodde fram der. I dag har byen det mest kjende norske museum i USA – Vesterheim, og det store Luther College.

Dei første frå Gransherad

Den første gransheringen som drog til Amerika var ei knapt 24 år gamal jente som var med Luraasfølget på «Venice», ho heitte Gjertrud Samuelsdatter Lisland. Ho var fødd i Busnes, men hadde flytt til Tinn før reisa. Om ho kom vel fram, skulle ho ha vore med og grunnlagt Muskego, men vi finn ikkje fleir spor etter henne i kjeldene.

Dei første som drog direkte frå Gransherad, er mellom dei 1839-emigrantane vi ikkje kjenner reisemåten til. Det var Halvor Christiansen Bresvold med kona Ragnhild Kittilsdatter Bøen og barna Christian og Thone. Resten av historia deira veit vi ikkje. Far til Halvor var militær og hadde slekta og namnet frå Stange på Hedemarken. Han hadde slått seg ned i Gransherad og fekk ei stor slekt etter seg gjennom resten av barneflokken som blei heime. Merkeleg er det at Halvor, eldstesonen, reiser. Men det kom kanskje av at på garden Jore, der dei budde, var det ein del ugreie i eigedomsforholda i den tida. Halvor får forresten skøyte på garden Bakka, ein del av Jore, i 1866, men vi høyrer ikkje om at han har komme heimatt, og garden blir overført til andre. Det ligg nok ein lang historie bak desse få dokumenterte opplysningane om Halvor Bresvold.

Først i 1842 reiste fleire gransheringar, og da reiste mange. Fram til 1926 kom det til å utvandre 458 personar ifølge Gransheradsoga. Kor mange etterkommarar tru desse har i USA?

1840

I 1840 var det bare eit emigrantskip å rekne med frå Norge. Det var igjen Emilie – frå Gøteborg til New York. Ein stor Hjartdalsfamilie var med. Det var Anund Johannesen Uvaas med kona Aslaug Haraldsdatter Tveiten og barna Johannes, Halvor, Ole og Kittil. Desse reiste ganske sikkert til Muskego, og alle overlevde dei kritiske sjukdomsåra. Seinare slår dei seg ned lenger nord i Wisconsin i Winchester i Winnebago county, som blei ein samlingsstad for mange Hjartdølar.

23 år ganle Kari Ingebretsdatter Bergsland (Rinde) frå Hjartdal står også på samme passasjerlista, men det står også at ho utvandra igjen i 1847. Ho må altså hatt ein heimtur vi gjerne skulle visst meir om.

Desse Hjartdølane reiste saman med ein Ole K.Trovatten frå Rauland, som kom til å bli ein svært inflytelsesrik brevskrivar, som fekk mange til å komme etter. Han blei klokkar og lærar i settlementet Koshkonong. Men frå Muskego? skreiv han i 1842 trass i harde tider at:

…Jeg vil ingenlunde komme tilbake…enhver uformuende som vil bruke Flid i at arbeide med Troskab, kan her inden kort tid blive velholden Mand.

Ein annan familie som kom på Emilie og for til Muskego den sommaren var familien Heg frå Lier. Even Heg var velståande bonde, forretningsmann, hotelleigar og haugianarpredikant. Han var 51 år. Han kjøpte garden til John Nelson Luraas ved Wind Lake sør for Muskegosjøen. Der bygde han ein stor låve. (Luraas drog nokså tidleg vestover til betre trakter og blei ein velståande farmar i Stoughton ved Koshkonong). Denne låven kom mellom anna til å tene som førebels losji for immigrantar som skulle byggje i Muskego eller reise vidare til andre settlement. Heg, som også var haugianar, heldt andaktar, døypte barn og førde dåpsprotokoll.

Enda meir kjent blei den da ti år gamle sonen, Hans Christian Heg, som blir hugsa som den mest kjende norsk-amerikanaren under borgarkrigen 1862-66. Han blei oberst og leidde det berømte 15.Wisconsin regimentet som bestod nesten berre av nordmenn. Han fall, saman med eit stort antall av soldatane sine ved Chickamauga i Georgia i 1863.

1841 – året da saulendingane kom

Dette året reiste Emilie frå Drammen, og det gjorde truleg reisa litt enklare for telemarkingane. Vi har ei lang liste nedanfor av emigrantar frå Hjartdal og Sauland dette året. Så brev har nok komme og fått tankane og planane i sving hos mange. Det blir vanskeleg å seie kven ein skal rekne som den første Saulendingen, sidan dei første var frå Lonargrenda som den gongen eigentleg sokna til Hjartdal. Men det er fleire Saulendingar på denne reisa til Emilie. Truleg er det rett å regne Ole Andreson Aasen som ein forgangsmann mellom desse. (Han skal etterkvart få sin eigen historie)

Førenamn

Fars namn

Bustad

Bygd

F.år

Kom til

TOSTEN

REIAR

BØE

SAULAND

1800?

NORWAY, RACINE

BERGITH

NIELS

LONAR

SAULAND

1817

NILS

NIELS

SKORDAL

SAULAND

1812

VERNON, WAUKESHA

OLE

NIELS

SKORDAL

SAULAND

1820

MUSKEGO MADISON

KNUT

JON

BECKHUUS

HJARTDAL?

1805

NORWAY,RACINE

BERGITH

HALVOR

SKORNAES

SAULAND

1806

MUSKEGO

JON

KNUT

BECKHUUS

1835

MUSKEGO

HALVOR

KNUT

BECKHUUS

1840

MUSKEGO WATERFORD

OLE

ANDERS

AASEN

SAULAND

1818

ANDREAS

ANDERS

BØE

1820

TORJER

OLE

SILJUDALEN

GRANSHERAD

1812

MUSKEGO WINNECONNE

ANNE

ANDERS

BØE

SAULAND

1813

MUSKEGO WINNECONNE

ANNE

TORJES

SILJUDALEN

GRANSHERAD

1840

MUSKEGO WINNECONNE

TOSTEN

TORBJØRN

HOUGHUUS

SAULAND

1821

SIGNE

SIGURD

BECKHUUS

HJARTDAL?

1819

JOHANNES

OLE

AASEN

HJARTDAL

1806

TORGUN

HARALD

TVETEN

1797

RAGNHILD

PAUL

AASEN

1824

ANNE

PAUL

AASEN

1825

RACINE

TORBJØRN

HALVOR

JUV

HJARTDAL

1805

NORWAY, RACINE

INGERI

HARALD

HJARTDAL

1811

NORWAY, RACINE

KIRSTI

TORBJØRN

JUV

HJARTDAL

1837

NORWAY, RACINE

HALVOR

TORBJØRN

JUV

HJARTDAL

1839

NORWAY, RACINE

KARI

ANDERS

AASEN

HJARTDAL?

1812?

TORKILD

BJØRN

OMNES

HJARTDAL?

1820?

OLE?

HALVOR

JUV?

HJARTDAL

1807

HØLJE

OLE

MAELAND

HJARTDAL

1801

WIOTA, LAFAYETTE, WIS

På lista er Torjer Olsen Sud-Siljudalen frå Gransherad, han var gift med ei Saulandsjente, og budde på Austigard Landsverk i Sauland.

Av 169 emigrantar frå heile landet dette året må ein seie at Hjartdalsbygdene (Gransherad høyrde til Hjartdal den gongen) var bra representert. Resten var dessutan nesten bare Tinndølar, Hoveringar og Numedølar. Nokre få var frå Voss.

Som ein ser, er det Muskego dei reiser til. Vi bruker nå namnet Muskego om eit område som etterkvart omfatta eit større område i grenselandet mellom Racine og Waukesha county. Eigentleg var Muskego bare namnet på innsjøen litt lenger nord, der dei aller første hadde prøvd å slå seg til utan hell. Meir lokale namn ser vi er Norway, Vernon og Raymond. Men da Muskegokyrkja blei bygd, kom truleg alle til å høyre til den i alle fall i starten.

1842 – 561 emigrantar

Nå tar det til å bli for mange utvandrarar til at vi kan halde styr på dei, 30 hjartdølar ser vi på lista her:

Førenamn

Fars namn

Bustad

Bygd

F.år

Kom til

Skip

Merknad

JOHN

JOHN

LANDSVERK

T

1806

RAYMOND, RACINE

ELLIDA

HOVDE

ANNE

REIAR

KUTTEIN

T?

1814

RAYMOND, RACINE

ELLIDA

STEENSRUD

PEDER

JOHN

LANDSVERK

T

1840

RAYMOND, RACINE

ELLIDA

NIELS

NIELS

LONAR

S

1781

VERNON, WAUKESHA

ELLIDA

THONE

HALVOR

SCHAARNES

S

1787

MUSKEGO

ELLIDA

HALVOR

NIELS

LONAR

S

1815

MUSKEGO

ELLIDA

INGEBORG

OLE

LONAR

S

1818

MUSKEGO

ELLIDA

CALSOPPSAL

KITTIL

NIELS

LONAR

S

1823

MUSKEGO

ELLIDA

THONE

NIELS

LONAR

S

1825

MUSKEGO

ELLIDA

MARGIT

TORBJØRN

HOUGHUUS

S?

1815

ELLIDA

HALVOR

OLE

WOLDKAASEN

H

1819

ELLIDA

HALVOR

HALVOR

JUV

H

1811

ADAMS, LASALLE

ELLIDA

GUNNILD

OLE

ASLOUGBERG

H

1812

ELLIDA

HANS

JON

HOVDE

T

1812

RAYMOND, RACINE

ELLIDA

LANDSVERK

THONE

PEDER

ROMINGEN

1818

ELLIDA

DEIKASA

HALVOR

ELLEF

HOUGENE

T

1804

CLARISSA

SOLEM. SELJORD KVITESEID

SISSEL

HALVOR

SVARTDAL

T

1790

CLARISSA

ANNA

HALVOR

HOUGENE

T

1825

CLARISSA

ASLOUG

HALVOR

HOUGENE

T

1828

CLARISSA

JOHANNES

CHRISTIAN

VAELUFSEN

H

1802?

MUSKEGO

EMILIE

MARI

JOHN

BALAAS

H

1803?

MUSKEGO

EMILIE

CHRISTIAN

JOHANNES

VAELUFSEN

H

1824

MUSKEGO

EMILIE

INGEBORG

JOHANNES

VAELUFSEN

H

1834

MUSKEGO

EMILIE

OLE

OLE

BERGEND

H

1803

BOONE. ILL

TUSKINA

THO

ASLOUG

ROLLEF

BERGEN

G?

1807

BOONE. ILL

TUSKINA

BERGITH

OLE

BERGEN

G?

1829

BOONE. ILL

TUSKINA

TORGON

OLE

BERGEN

G?

1832

BOONE. ILL

TUSKINA

ROLLEV

OLE

BERGEN

G?

1835

BOONE. ILL

TUSKINA

MARGITH

OLE

BERGEN

G?

1838

BOONE. ILL

TUSKINA

OLE

OLE

BERGEN

G?

1842

BOONE. ILL

TUSKINA

Bergen-familien var nok frå Sauland, men hadde flytt til Gransherad før dei emigrerte.

Først nå ser vi at fleire tuddølar kjem med. John Hovde er bror åt 1938-utvandraren Ole Johnsen Hovde (Landsverk) som kjem etter med familien sin. Og enda ein bror, Hans med familie, er på samme båten, – Ellida, frå Gøteborg til New York. Desse er begravne på North Cape kyrkjegard, som også låg i nærheten av Muskego.

Vi skal også legge merke til lonarfamilien. I 1841 hadde Bergit Nielsdatter, nygift med Tosten Reiarsen Bøe reist saman med dei yngre brørne sine, Nils og Ole. Nå i 1842 kjem foreldra, Niels og Thone med resten av barna, Kittil, Thone og Halvor med kona Ingeborg Olsdatter Carlsoppsal. Denne Halvor skal vi høre meir om.

Nokre vesttelemarkingar kjem også over dette året – Seljordingar. Tinndølar og Numedølar dominerer framleis. Og to store familiar, Jørrisdal og Bakka er frå Hovin

Mange Gransheringar i 1842

Det var dette året Gransheringar først gjorde seg gjeldande på listene: På skipet Washington til New York frå Larvik. Kom den store Folslandfamilien som besto av Lars Andersen f.1784 og son av A.E.Heier. Kona var Anne Olsdatter Haugen frå Tinn. Dei hadde heile åtte barn: Anders var nesteldst f. 1815. Dei andre var Christian, Halvor, Hans, Østen, Anne og eldstesyster Kari med eigen familie. Mannen var skreddar og inderst Østen Olsen frå Bakka og barna Aaste, Anne, Mari, Ole og Lars. Anders gifte seg på båten med Olaug Olsdatter Ødegaard frå Hovin…

(OSV Vi håper å kunne fortsette her med fleire namn seinare)

_________________________________

Meir om Muskego

muskplak

Ved Muskegosjøen byrja slitet for alvor. Hus skulle byggast, landet skulle dyrkast, og dei daglege behova skulle dekkast medan alt dette foregjekk. Heller ikkje må ein gløyme at heimlengten og usikkerheta for framtida heile tida kunne ligge under og plage mange. I tillegg blei dei etterkvart klar over nye ukjende vanskar: Indianarane var eit trugsmål, dessutan blei dei nærmare kjende med klapperslangar og moskitos. Klapperslangane var det svært mykje av den gongen. Det blei sagt at ljåane blei blodute av dei når karane var ute og slo. Slangane kunne også grave seg ned i jorda og komme opp inne i husa. Men folk blei vane med dei, og til og med småjentene lærde seg å setje hælen på dei og tråkke dei i hel.

Det er ikkje sagt noko om store sammanstøytar med indianarar i Muskego. Elles ser det ut til at indianarane drog seg unna og ut av distriktet etter kvart som landet blei busett av europearar.

Graset var nok høgt og frodig ved Muskegosjøen, men det viste seg å vere av di det nettopp hadde vore ein lang tørkeperiode. Da nybyggarane hadde bygd, rydda og dyrka landet utover hausten, så sette det inn med normal nedbør, og snart viste det seg at heile området enten var oversvømt, eller i det minste omdanna til myr. Dette var likevel ikkje nok til at dei gav opp Muskego. Men etterkvart trekte folk seg sørover mot Wind Lake i Racine county, der landet var betre.

Eit nytt norsk samfunn gror fram

Muskego-bygdene grodde dermed fram, trass i at naturen ikkje låg så godt til rette. Og ein annan viktig person som gjorde staden til eit viktig grunnlag for vidare norsk busetnad i Midtvesten må vi nemne. Han heitte Søren Backe. Han var son til ein handelsmann frå Drammen. Faren Tollef Backe var også ein kjent haugianar. Han var visstnok litt bekymra for kva det skulle bli av sonen, så for å få han igang med noko, blei han vel utstyrt og skulle prøve å komme seg fram i Amerika.

Søren skaffa seg ein dugout, eit hus som delvis var grave ut i jorda i ein gammal indianergravhaug i Muskego. Der dreiv han handel med varer han skaffa i Millwaukee. I denne halvvegs jordhytta kunne ein fleire stader sjå gamle beinpiper og andre delar av indianarskjelett stikke ut av veggene, likevel blei det med fin ironi sagt at

Hær var Stædet for Intelligents og dannelse, Depoet for Luxus og overdaadighed, og her avgjordes alle Bank- og Pengeforretninger.

Ellers skreiv Backe dagbok heile tida. Denne er ei viktig kjelde til historia om Muskego, men der står lite om dei einskilde personane som interesserer oss. Han seier ein stad at desse fjellbøndene frå Telemark var ganske ville og usiviliserte, og at han såg på dei omlag som indianarane i området.

Halvor Nelson Lonar og Muskegokyrkja

Det å få bygd ei kyrkje i Muskego var eit stort mål for nordmennene i fleire år. Tollef Backe ordna med at Claus L.Clausen kom som første presten til Muskego. Clausen var ein dansk lærar som hadde kunnskap også i jus og teologi. Det var Søren som skreiv heim og ba om at dei måtte prøve å få sent ein prest til Muskego. 23 år gamle Clausen hadde eigentleg bestemt seg for å bli misjonær i Zululand, men tok dette nye som eit kall og sa ja til å reise til Amerika. I 1843 kom han og blei han ordinert til prest i låven til Even Heg.

Nå var det bare å begynne å bygge kyrkje. Dei hadde bruka låven til Heg og hytta på Indianerhaugen til gudstjenester og forsamlingar. Nå ville dei lage eit bygg berre til gudstjenester, – det første i det norske Amerika. Pastor Clausen tok sjølv del i å felle trea til byggverket. Hjartdølen Halvor Nelson Lohner hadde ansvaret for tømmerarbeidet. (Seinare kom han også til å bygge prestegarden).

Kyrkja blei bygd på det høgaste punktet, synleg frå mesteparten av settlementet. Det blei nok lagt mykje liv og sjel i dette arbeidet, og resultatet blei ein bygning av tømmer som kunne romme opptil 250 personar?, til stor glede for innvandrarane som hadde kjent det som om dei hadde kome til eit heidningeland, iallefall i starten.

muskchurch-uKyrkja var tømra av eik. og så fint sammanføya at det ikkje var nødvendig med noko dytting eller isolasjon mellom stokkane. Pillarane som bar konstruksjonane inne var av svart valnøtt-tømmer som stod i fin kontrast til den raudlege eika. Dei doble inngangsdørene var også av valnøtt. Bygningen var omlag 45 fot lang og 30 fot på det breiaste.

Sett i seinare tids målestokk kunne nok kyrkja sjå enkel og «tarvelig» ut. men det er ingen tvil om at ho var eit stort steg framover kulturelt og kjenslemessig for folk som var vane med å ha kyrkja som det viktigaste sentrumet i tilværet sitt.

muskchurch-iKyrkja er ikkje lenger å sjå på den gamle plassen sin nå. Da det seinare blei bygd ny kyrkje i Muskego, blei denne gamle tømra degradert til fjøs og grisehus. Heldigvis blei ein norsk historikar H.R.Holand?, merksam på dette og såg til at ho blei flytt til Luther Seminary i St. Paul. nabobyen til Minneapolis i Minnesota. Der står ho framleis.

N.N.Rønning skriv i jubileumsboka til kyrkja i 1944, The Saga of Old Muskego, at da Kronprins Olav hadde sett kyrkja på turen sin i Midtvesten, var det venta at han skulle halde ei tale. Men han var så djupt rørt at han fekk nesten ikkje fram eit ord.

Katastrofale helsetilhøve

Midt i 1840-åra hadde store mengder nordmenn slått seg til på staden. men settlementet fekk mest av alt rolla som mellomstasjonen for dei som etterkvart drog mot nyare settlement lenger vest. Eit av desse var Koshkonong. Her var både klima og jordsmonn betre enn i Muskego. og mange av dei som slo seg til der kom seg etterkvart opp til velstand og rikdom. På folkemunne blei Koshkonong ofte kalla «Kakseland».

I Muskego derimot, utvikla det seg mot reine katastrofene for nybyggarane. Alt første vinteren hadde dei oppdaga at landet blei mykje likt ein sump når regnet tok til å komme, og lufta blei fuktig og usunn. Når så immigrantane strøymde på i hundrevis, er det klart at hygieneforholda ikkje kunne vere gode nok. Ofte måtte 15-20 personar bu lengre tid saman i desse små hyttene, sjølvsagt med smittefaren hengande over seg. Epidemiar, særleg Malaria braut sjølvsagt ut, og tilstanden blei snart svært kritisk for folk i heile området. Ein av grunnane til all sjukdomen var at nordmennene ikkje pla grava skikkelege brønnar. Dei var vane med å hente vatnet i ein frisk bekk eller ei kjelde i nærleiken av garden heime, og det gjekk stort sett bra i det norske klimaet. I Muskego derimot, låg ikkje klimaforholda slik til rette. Når dei henta vatnet i elv eller sjø og let det stå ei stund heime ved huset i kjera sine, var det ikkje lenge før moskitos og alle andre skadeinsekt og basiller fekk tilhald der. Clausen sa at den gongen han kom dit, var det bare ein familie der som ikkje var sjuk. Omtrent kvar dag var det dødsfall. Fattigdomen auka også, og elendigheta blei så stor at snart måtte dei vende seg til amerikanarane for å få hjelp. Dagen etter han blei ordinert, forretta Clausen i den første av 54 gravferder dei første fem månadane. Ein dag var det 8 gravferder, ein annan dag 17.

…Det er umogeleg a leve seg inn i kjenslene til dette folket når dødsengelen dag og natt banka på dørene til desse uferdige hyttene, og den eine etter den andre av deira kjære blei lagt i umåla kister og tekne til gravstaden på indianerhaugen og senka ned i gravene der…» (Rønning)

Særleg i 1843 kom det store mengder av nordmenn, mest telemarkingar til Muskego. Futen i Øvre Telemark skreiv visstnok ut 689 pass for Nord-Amerika dette året. I nedre Telemark var talet 429. Det var ei mengd Gjerpenfolk som tok til å utvandre dette året, og det kom mange vesttelemarkingar.

«Sky Muskigo!»

1843 blei det første store katastrofeåret, og dette blei kjent her heime gjennom brev. Utvandringa frå Tinn og Hjartdal stoppa heilt opp i fire år. Grunnen til det var nok mykje dette brevet frå Jon Nielsen Bjørndalen, her i utdrag (Svalestuen):

… Men vore forhaabninger ble skuffet. For det første da vi kom til Milwaukee, mødte oss på Bryggen 2 af vore Landsmænd, da først saa vi, hvad for gode ting man erhverver sig, nemlig en mager krop med et gustent gulblegt ansigt, og saaledes seer de for det meste alle ud … Den første, Koldfeberen, eller Aguen, samt tillige andre pestagtige eller feberaktige sygdomme, som have allerede antænt sig, saa den ene kunde ikke hjelpe den anden, og alle de, som udstaar denne sygdom bliver svage mennesker … og dagligen have de svag hilse. Luften nedtrykke Sindet og Modet, saa de gaar nedbøiede liksom en slave er nedtrykt af sine lenker og berøvet sin frihed. Om sommeren er klimaet alt for varmt. Om dagen får man udstaa den sterkeste hede … om natten ligger der nesten over det hele en giftig taage. Der er saa meget utøy af slanger, som er en 5 eller 6 arter og de fleste ere mig ubekjendte, som vrimler i mængde af, ja de ere endog inde i husene, saasom klapperslanger ligger ogsaa inde på gulvet. De ere istand til at grave sig i jorden, og komme ind i deres Hytter, De største jeg har set ere saa tvkke som en Mands Arm … jeg faar ogsaa melde dere om Mormonsekten, som er den elendigste sekt man kan tænke sig. Den første af de som antog den afskyelige religion, var Ole Olsen Sandvigen. Nu har han lokket flere af sine landsmænd til den afskyelige Gudsdyrkelse.

Dette brevet på mange sider sluttar så med at han ramsar opp namnet på ei mengd tinndølar som er døde siste tida. Dette virka sjølvsagt sterkt i Tinn og Hjartdal, og gjorde altså sitt til at utvandringa for ei stund stoppa opp.

Også norske aviser skreiv om Muskego. Redaktøren i Christiansandposten slutta brevet frå ei rundreise i Amerika slik:

… Det er derfor mit instændige Raad til alle Udvandrere, aldeles ikke at begive sig til Muskego, men øieblikkelig tye ind i landet enten til Pine Lake, hvor nok af land kan erholdes, eller til Coscanonys- og de tilstødende Prairier … Men hvor man end begiver sig hen, saa gjentager jeg mit advarselsraab: Sky Muskigo!

For å motverke dette, slo ein del nordmenn seg samman og skreiv ei nøytral eller meir positiv skildring av landet og erfaringane sine. Det var underteikna av 80 nordmenn, ein stor del av dei telemarkingar (20 tinndølar). Dette brevet er kjent som Muskegomanifestet. Her eit utdrag:

…Vi gjør oss intet haab om at erhverve oss Rigdomme, men vi staa under en liberal Regjering i et frugtbart Land, hvor Frihed og Lighed hersker saavel i religiøs som borgelig Henseende, og kan uden speciel Tilladelse næsten uden Undtagelse i ethvert Fag søge redelig Næring. Dette anser vi herligere end Rigdom, da vi derhos ved Flid og Arbeidsomhed øine Udsigter til en sorgfri Alderdom, og vi har saaledes ingen Grund til ut anger vor Bestemmelse at flytte hid.

Kolera

Det var epidemiar som tyfus og malaria (the ague) som hadde vore dei mest alvorlege sjukdomane, men i 1849 kom den verste av alle, – koleraen. Presten Stub sa at det var tre store epidemiar av kolera: i 1849, 1850 og 1852. I «History of the Waukesha county» skriv ein Frank A.Flower:

Forferdelege og ubeskrivelege scener følgde denne herjinga. For desse fattige og uopplyste menneska visste ingenting om korleis dei skulle begrense sjukdomen. Det blei til slutt etablert eit slags hospital ved Wind Lake i ein stor låve (Heg sin låve), der mange av dei stakkars menneska døydde … graver blei gravne og sto opne og venta på nye døde. Pesten resulterte i så mange dødsfall og førde så mykje redsle inn i området, at dei fleste overlevande norske familiane reiste frå staden.

Vidare skriv N.N.Rønning:

To kjenpekarar frå Tinn, John Tveito og John Molee (Mæl), giekk inn i hus etter hus for å hente dei døde. «Eg grøss når eg tenkjer på det», skreiv den sistnemnde. «Vi venta å bli slegne ned av sjukdomen kvar augneblink, likevel sto vi på post som soldatar. Det var berre å leve eller døy.

Desse to mennene førde dei døde til kyrkjegarden på lndianerhaugen med oksekjerrene sine, medan andre grov graver. Andre igjen var opptekne dag og natt med å spikre kister av uhøvla og umåla bord. I desse blei dei omkomne lagt ustelde, og senka i gravene utan seremoniar. Neste dag kunne det vere snekkarane eller gravarane sin tur til å bli gravlagde.

Folk rømde i panikk til andre settlement. Der det ein dag kunne høyrast glade barnestemmer, kunne ein neste dag høyre at «Rachel gret for borna sine» (Matteus 2.18). Redsla tok strupetak på alle, og dei sat berre å venta på å bli neste offer. Menn som jubla i styrke og glede om morgonen, kunne ligge stive før dagen var over.

I desse dagane var det for første gong dokterar på staden, men lite kunne dei gjere. Det hende også at dokteren strauk med av sjukdommen.

Ein historie går om ein tidlegare norsk straffange som gjekk under namnet blikkenslager Hansen. Han var blitt omvend og hadde utvandra. Hansen kom til Muskego og gjorde ein svær innsats med å pleie dei sjuke i lang tid. Han døydde også tidleg sjølv, men av tyfoidfeber og ikkje av kolera. Han fekk da ei av dei finaste gravferder som hadde vore i Muskego. Før det hadde han skaffa seg tilnamnet «Engelen i Daudebygda.»

Mot betre tider

muskhegparkMed desse dystre minna ser det ut til at historien om det norskdominerte Muskego endar, sjølv om ein den dag i dag kan sjå husa til Søren Backe og ein minnepark til ære for borgarkrigshelten – oberst Hans C.Heg der.

Medan mange av desse første etterkvart gav opp Muskego, var snart tusenvis av nordmenn på veg mot nord og vest og slo seg til på nye og mykje betre og sunnare stader enn Muskego. Men nokre austtelemarkingar blei verande i Muskego: Etter det som står i Billed-Magazin, så bor Halvor Nelson Lonar der framleis i 1868. Det gjer også bror hans Kittil. I Telesoga kan vi lese meir om desse i ei skildring av bryllaupet til Halvor N.Lonar.

Bakgrunnen for utvandringa

Grunnane til utvandringa er det sagt lite om i denne artikkelen. Dette er grundig behandla i dei etterkvart mange generelle verk som er skrevne om utvandringa. Og vi kan ta det kort her:

Etter at kvekarane på vestlandet hadde reist, var det ikkje lenger religiøse motsetningar som var grunnane til utvandringa, sjølv om haugianismen som sto sterkt, også her i distriktet, kunne inspirere til oppbrot. Haugianarane såg nok ei større framtid i Amerika for si kristentru. Men dei økonomiske motiva var større og galdt fleire.

Utanom Nattestadbrørne var det skriveføre menn som Johannes Nordboe frå Ringebu, Hans Barlien frå Trøndelag og Ole K.Trovatten frå Vest-Telemark, som påvirka mange til å reise desse første åra. Men Ole Rynning med boka «Sandfærdig Beretning om Amerika til Oplysning og Nytte for Bonde og Menigmand», var truleg den som fekk flest nordmenn i den tida til å pakke kuffertar og reisekister. Manuskriptet til denne boka hadde altså Ansten Nattestad med seg heim sommaren 1838. Boka blei straks trykt og lesen av mange.

Korleis var så tilhøva i Noreg på denne tida, da så mange byrja å ta den store og tunge avgjerda om å bryte opp frå alt kjent til fordel for noko nytt, ukjent og farleg?

Statistikken viser oss ein rein befolkningseksplosjon i mesteparten av landet frå 1800 og utover I tillegg veit vi at det var fleire uår Det hadde vore krig og nærmast politisk revolusjon eit par tiår tidlegare. Rikdommen i landet var ikkje stor og heller ikkje rettferdig fordelt. Landet var eit bondesamfunn med frie, sjølveigande, men ofte fattige bønder Desse leid ikkje nettopp av svolt i normale år, men hadde svært liten økonomisk handlefridom. I tillegg hadde vi ei raskt aukande husmannsklasse. Desse hadde det eit godt hakk verre, og nauda var nok aldri på stor avstand.

Nå viser forskinga at det er mange gardfolk som reiser dei første tiåra. Ofte var nok desse i økonomisk uføre, kanskje etter for dristige låneopptak, eller kanskje på grunn av harde arveoppgjer. Men i det store og heile var det desse som kunne greie å skaffe midlar til billett. Det var snakk om årsløner dersom ein gardsarbeidar eller ei hushjelp skulle skaffe seg billett. Likevel ser vi også nokre einslege kvinner mellom dei første utvandrarane. I seinare tid blei billettane rimelegare og mindre avgjerande for kven som kom til å reise.

Ein grunn for mange til å reise blir påpeka av Erne Oleson Xan i boka «Wisconsin my Home». Boka handlar om gardfolk som utvandrar i 1860-åra. Utvandringa var her mykje på grunn av at så mange slektningar og vener hadde reist at dei kjende seg åleine att i Norge. «Amerikafeberen» var truleg ein viktig grunn til at mange reiste, ikkje bare eit folkeleg uttrykk for sjølve fenomenet masseutvandring.

Ein historikar vil heile tida vurdere opp mot kvarandre dei faktorane i Noreg som skuva ut, og dei faktorane i Amerika som drog folk til seg. Slik sett er det litt for enkelt å forklare heile fenomenet med at Noreg var så veldig fattig og overbefolka. Andre ting spela også inn. Som nemnt det at det blei ein mote, – ein feber. Rein eventyrlyst var også ein grunn. Mange mista slekt og venner og kjende seg att aleine i gamlelandet. Amerika hadde mykje å tilby. Der var nok av arbeidsplassar eller jord. Der var mindre av det sterke embetsverket som dominerte Noreg i den tida. Og der var faktisk like rettar for alle til å prøve å gjere si eiga lykke med eigen innsats.

Ulike grunnar til ulike tider

Det er vanleg å setje eit skille i histona om norsk utvandring på slutten av I860-åra. Tida før var den såkalla pionértida, da vegar blei opna og nye landområde «erobra». For dei som kom etter, var det sjeldan vanskeleg å skaffe den kunnskapen dei trong til ferda.

På slutten av denne første perioden var det tilhøve i USA som gjorde innvandring lite aktuelt. Borgarkrigen rasa i delar av landet, og samtidig braut det opp blodige indianaropprør med sentrum sør i Minnesota, nett der det var aktuelt med norsk innvandring.

Men på samme tid var det ei anna hending som fekk innvandringa til å skyte fart i åra som kom. Det blei vedteke ei ny lov etter initiativ frå president Lincoln. Denne lova, «The Homestead Act-» gav alle som ville, rett til 160 acres (over 600 da) jord, mot at dei dreiv jorda og berre betalte eit lite oppmålingsgebyr

Da borgarkrigen var slutt og indianarane brutalt slått attende, kom den verkeleg store bølga av nordmenn. Av dei ca 78 000 emigrantane frå tida før 1865 hadde fleirtalet vore telemarkingar, numedølar og sørvestlendingar Nå kom resten av landet med. Fram til andre verdskrigen kom talet på utvandrarar til USA og Canada til å bli over 800 000. Rett nok kom ein god del av desse attende, men likevel er det klart at nest etter Irland, er det Noreg som har størst utvandring i forhold til folketalet.

Utvandring i nyare tid

Den andre store utvandringsbølga var i I880-åra. Denne har sammanheng med store forandringar i norsk landbruk. Nye maskinar gjorde mange arbeidslause, og økonomisk krise, også i byane, sende mange nordmenn over Atlanteren. Dårlege tider i Amerika reduserte innvandringa ein del i I890-åra. Så kom den siste store bølga like etter hundreårsskiftet og varde omlag til utbrotet av første verdskrigen.

Fram mot 1920 blei etterkvart den amerikanske arbeidsmarknadcn metta. Grensene blei stengde for innvandrarar, og kvoteordningar blei innført. Canada blei nå det nye reisemålet. Dit reiste mange nordmenn i 1920- og -30-åra. Men dette var ei utvandring prega av andre yrkesgrupper enn før. Ikkje minst arbeidslaus ungdom frå industribyane reiste. Det blei til og med gjeve kommunal pengestønad både frå Notodden og Rjukan til dei som ville reise. Så det var altså ein måte å løyse eit arbeidsløyseproblem på.

Etter andre verdskrigen har det ikkje vore større utvandring til Amerika. Ein del spesielle fagfolk kan arbeide i USA i periodar, men emigrasjon har vore sjeldan i vår tid.


© Leif Skoje 1998
Dei fleste skriftlege kjeldene er nemnde i teksten

Noen foto er ved Anne Haugen Wagn
Bildet av Halvor Nelson Lonar er tatt frå boka «In Jesus’ Name Shall all Our Work Be Done» av Karen Hanson, Minneapolis

 

 

 

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark