Årsmøtet

Årsmøtet er onsdag 9.mars kl 18:30 på Løvheim
Frist for innsendte forslag er fredag 4 mars til  svein.bakkalia@online.no 

Rekneskap 2015   Budsjettforslag 2016

Forslag til nye vedtekter

____________________________________

Årsmelding for Hjartdal historielag 2015

Styret 2015
Svein Bakkalia                        leiar
Torgunn Opsal                       sekretær
Borghild Brennekåsa             styremedlem
Torkjell Tjønn                       styremedlem
Audun Solberg                       styremedlem
Gunvor Prestårhus                styremedlem
Torkild H Mosebø                  varamedlem og kasserar
Torkel Hytta                          varamedlem

Valgkomite: Ivar T Dahl, Anne Tone Larsen og Svein Erik Sletta
Revisor: Ingebjørg Frøland Hagen

Styret har hatt 8 styremøte der varamedlemmane har møtt på styremøta.
Vi har hatt 180 medlemmar i 2015. Dette er høgaste medlemstalet på mange år og er ei  auke på 28 medlemmar frå fjoråret.

Kontingenten har vore kr 200,- inkl. gratis årbok.
Rekneskapen er revidert pr 31.12.15 med ei omsetning på kr 191 554,15 og eit overskot på kr 16 116,64.
Behaldninga er på kr 79 740,33.

Møter
Årsmøtet blei halde på Løvheim i Sauland 17 mars med 30 medlemmar tilstades.
Årsmelding og rekneskap blei gjennomgått og godkjent. Under valget gjekk Torkel Hytta ut av styret som fast styremedlem etter eige ønske. Han møter fortsatt på styremøta som varamedlem. Nytt styremedlem blei valgt Gunvor Prestårhus.
Etter årsmøtet heldt Trond Aasland frå Notodden historielag eit lysbildeforedraget «Sam Eyde-nøkkel til verdensarven» og gav eit fascinerande bilde av Sam Eyde og industribygginga tidleg på 1900-talet.

Tysdag 14 april blei det halde eit åpent møte på Nordbø pensjonat om Rikard Berge si innsamling av tradisjonsstoff i Hjartdal tidleg på 1900-talet . Foredragshaldar var konservator ved Telemarks museum Tor Gardåsen. Fordraget vekte stor interesse blant heile 42 frammøtte.

Siste styremøtet i vårhalvåret var 25 juni lagt til Tuddal bygdetun. Her fekk vi ei fin og grundig presentasjon av årets bunadsutstilling av Torkjel Sletta og Trine Kahrs. Etterpå benka vi oss på moldbenkane rundt langbordet i Reisjaastugu, den største stova på bygdetunet. Etterpå fekk vi oss ein matbit på Bøen kiosk og kafe. Ei flott våravslutning av styrearbeidet.  Historielagets 25 års jubileum blei feira på Nordbø pensjonat fredag 16 oktober med 45 påmeldte gjester. Anne Haugen Wagn heldt eit fint jubileumskåseri og det var musikkinnslag ved Torild M Skårdal som spela på ei gamal bondeharpe. Ei visegruppe frå Hjartdal med Kari Skoland, Dag Krokaa, Anne Haugan og Gunhild Dølen song og leia allsang. Og Dag Krokaa las dikt. Svein Erik Sletta knytte det heile saman på ein morosam og god måte.
Det blei servert reinsdyrsteik med viltsaus og fruktsalat med vaniljeis til dessert. Alt fall i god smak.
Ivar T Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje blei utnemnt til nye ærsmedlemmar i historielaget og fekk alle eit innramma diplom laga av kunstnaren og kalligrafen Borghild Telnes frå Seljord. Vi har fått tre æresmedlemmer Hjartdal historielag har all grunn til å vere stolte av.
Jubileumsfesten fekk også storfint besøk av ordføraren i Hjartdal kommune, Bengt Halvard Odden, som gav leiaren i historielaget ein stor blomsterbukett og gratulerte  med  25-årsjubileet.
Ordføraren og Ingebjørg Darrud, leiar i legatstyret, overaska forsamlinga med utnemning av Leif Skoje som mottakar av Tilla og Oles legat og Gudrun Hovdes legat på 15 tusen kroner. Han fekk eit diplom der innsatsen for musikklivet og Hjartdal musikkorps og arbeidet med å samle og formidle historisk materiale stod skrive. Vel fortent.

Onsdag 4 november viste vi bilde av Tov Reisjaa på biblioteket. Bildekvelden var annonsert på førehand og hadde fullt hus.

Førjulskvelden med julemat på Tuddal høyfjellshotell blei også i år halde saman med «Kjerringkveldane» i Tuddal. Årets julearrangemnt blei halde tysdag 1. desember med 68 deltakarar og som førre året med flott felespel og underhaldning av Knut Buen. Også i år har det vore mange fornøgde tilbakemeldingar frå denne kvelden.

Det faste lanseringsmøtet av årboka 18 november hadde omlag 30 personar til stades. Olav Tho, Ingunn Hovde, Aslaug Mosebø, Audun Solberg og Svein Bakkalia las og fortalde frå artiklane sine. Og Ingebjørg Opsal sin heimebakst smaka som vanleg fortreffeleg.

Som fjoråret er det også i vår og haust halde åpne historielagskveldar på biblioteket kvar onsdag mellom kl 18 og 20. Frammøtet har variert, men fleire har vore innom og praten og ideane blomstrar.

Turar
Lørdag den 7 mars var historielaget på tømmerhogst med dølahesten Gorm. Over 30 personar hadde møtt fram i heimeskogen til Torkel og Helle Gjerde på Øygarden i Sauland.
Torkel viste fram seletøy og reiskap og viste korleis Gorm klara tunge tømmerlass gjennom tett skog og nedover ei islagt slepe.
Praten gjekk lett rundt bålet der vi fekk servera kaffi frå storkjele og heimebaka kaku. Ein stor takk for ein fin dag i tømmerskogen til Gorm, Helle og Torkel!

Lørdag den 6 juni reiste  40 medlemmar på tur med buss til Vest-Telemark museum i Eidsborg og til Dalen hotell. I Eidsborg fekk vi omvisning i Eidsborg stavkyrkje og på bygdetunet. Det blei også tid til ein runde i utstillingane på museet før turen gjekk vidare til hotellet på Dalen. Her fekk vi servert ein betre lunsj og fekk høre ein av dei tilsette fortelje frå hotellets historie.

Haustens lokalhistoriske tur var  annonsert og planlagt til Toin i Tuddal onsdag den 2 september. Turen måtte desverre avlysast pga uver og er utsett til seinare.

Årbok 2015, Hjartdalskalenderen og Kontaktbladet
Årbokkomite for Årbok 2015 har som før vore Svein Bakkalia, Torgunn Opsal, Leif Skoje og Torkjell Tjønn.
Årets bok var den femte årboka og hadde eit større sidetal pga 25 års jubileet vårt. Salget har vore betre enn tidlegare. Boka er fortsatt gratis for medlemmene og er ikkje sjølvfinansierande. Økonomien er likevel god.
Arbeidet i årbokkomiteen går fortsatt godt og det virkar som lokalsamfunnet set stor pris på årboka vår. Stadig nye forfattarar melder seg på og årboka er  sentral i historielagsarbeidet.

Kalenderkomite for Hjartdalskalenderen 2016 har vore  Ivar T Dahl, Ingunn Hovde, Torkel Hytta, Audun Solberg og Tone Stuvrud. Kari Skoland er ny i nemnda og erstattar Ragnhild Bekkhus som har gått ut etter eige ynskje.  Den populære kalenderen har god tilgang på gamle bilde og går med eit solid overskot. Prisen er i år auka til kr 100.

Kontaktbladet nr46 blei sendt ut i mai saman med innbetalingsblankett for medlemskontingenten. Innhaldet var m.a. stoff om Reisjaasamlinga, 25-års jubileet og turen til Vest-Telemark, pluss organisasjonsstoff.

Reisjaasamlinga
Bevaring av samlinga etter Tov Reisjå er sluttført i løpet av 2015. Dette arbeidet tok historielaget initiativ til i eit brev til Hjartdal kommune i juni 2015. Vi oppfordra i brevet kommunen til å ta kontakt med NIA for å få samlingen overført dit.
Torgunn Opsal og Audun Solberg har vore historielagets representantar i styringsgruppa for prosjektet og Guro Nordby, arkivar hos NIA, har stått for arkiveringsarbeidet. Prosjektet blei finansiert av Hjartdal kommune og Hjartdalbanken saman med NIA.
Styret fekk presentert det ferdige arkiveringsarbeidet på Vemork den 28 september og prosjektet blei avslutta med ei utstilling i Hjartdalbanken. Utstillinga blei åpna med eit arrangement i banken 10 november, der m.a. ordførar og banksjef saman med Guro Nordby og Kjetil Djuve frå NIA var til stades. Etter bevertning blei åpningsarrangementet avlutta med eit foredrag av Ivar T Dahl.
Telen hadde i etterkant eit større oppslag om utstillinga og eit tosiders bildeoppslag frå Reisjåsamlinga.
Samlinga ligg nå på Arkivportalen på nettet.
Styret i historielaget er stolte og glade for at Reisjaasamlinga nå er sikra for ettertida.

Registrering av gamle buplassar
Prosjektet med registrering av husmannsplassar har fortsatt i 2015. Torkel Hytta er prosjektleiar. Registreringa i Sauland og Tuddal har kome langt og eit arbeid med å legge plassane inn på kart er igang. Det er ikkje tatt standpunkt til kva form ei publisering av materialet skal få.

Lokalhistorisk arkiv
Arbeidet med historielagets arkiv har vore ei viktig sak for styret det siste året. Styret har behandla eit opplegg for arkivarbeidet som blir gjennomført i kontakt med arkivarar ved NIA. Arkivet som inneheld eit dokumentarkiv, eit fotoarkiv, eit lyd og filmarkiv og ei boksamling, er i ei oppstartfase, men vi er godt igang. Saman med fysisk arkivering pågår eit arbeid med å få materialet digitalisert.

Andre saker
– Mølla-ny bruk.
Historielagets styrerepresentantar er Frøydis H Skoje og Geir Hagen. Det har vore fleire møter dette året for å avklare møllas framtid.
28.4.15 var Frøydis H Skoje, Svein Bakkalia og Bjørn Rugaas i møte med direktør for NIA, Runar Lia. Vi fekk positive tilbakemeldingar på eit forprosjekt for videre avklaring. I brev av 28.4.15 frå Runar Lia visast  det til styrebehandling og ei beslutning der NIA ikke vil arbeide vidare med ei overtaking nå, men at ei evt overtaking må vurderast som ei samla løysing på museumsida i Hjartdal der kommunen er involvert.
22.9.15 var Frøydis H Skoje og Svein Bakkalia i møte med stadsutviklar Stefan Langfors og Bjørn Rugaas frå  kommunen for å avklare kommunens rolle. Det var enighet om at møllas driftutgifter burde inn på kommunens budsjett for 2016. Søknad bør ligge klar om dei evt 5 mill som blir utløyst for utvikling av Omnesfossen-området ved eit ja til kraftutbygging.

– Rydding av gamle ferdselsvegar.
Notodden Turlag har overtatt rydding og merking av turstiar i Hjartdal kommune. I møte 5.3.15. der Torkel Hytta, Ove Bakka og Ole Eivind Næssen frå Hjartdal historielag og Ottar Kaasa og Tor Ingebretsen var til stades var det enighet om ei avtale om overtaking av 5 turstiar, pluss 2 aktuelle turstiar. Avtala blei godkjent av historielaget i styremøte 9.4.15.

– Bygdedagane.
Historielaget var til stades på bygdedagane i Tuddal og Sauland og ved Slåttefestivalen i Hjartdal med informasjonsmateriell og salg av bøker.

– Kulturminnefondet.
Det blei i styremøte 9.4.15 løyva kr 4000,- frå Kulturminnefondet til dekning av C14 datering av funn ved ei tidlegare smie ved Skoje. Beløpet har ikkje kome med i rekneskapen for 2015. Overføring frå fondskonto til driftskonto vil bli gjort i 2016.
Det hadde ikkje kome inn andre søknader til fondet innan fristen.

– Torkel Hytta og Svein Bakkalia var til stades ved åpninga av Telemarksarkivet på Høgskolen i Bø den 1.10.2015.

– Det er kjøpt inn ein ny skrivar og montert prosjektor i taket på biblioteket.

– I styremøte 9.4.15 blei det løyva kr 5000,- i støtte til Svein Vetle Trae si bok: Lamplight. Krig og motstand i Notodden/Øvre Telemark 1940-45.

– Brev
1) Brev frå historielaget til konsesjonsavd i NVE med dato 22.9.15, om revisjon av konsesjonsvilkåra ved hjartdølareguleringa, der vi ba om midlar til arkeologiske undersøkingar ved Breivatn og Skjessvatn. I brev frå advokatfirma Lund og co visast det til at det er grunnlag for å utløyse midlar på over 3 mill kroner til dette.
2) Brev frå historielaget til kommunen med dato 3.12.15 der vi ba om at biblioteket i Hjartdal må oppretthaldast og utviklast.

Styret i Hjartdal historielag
Svein Bakkalia
leiar