Fond for kulturminnevern i Hjartdal historielag

Hjartdal historielag  oppretta i 2014 eit fond for kulturminnevern. Hensikten med det er å gje ei stønad til dei som vil gjere noko aktivt for å ta vare på eit kulturminne, og kanskje også stimulere andre til å gjere det same.

Kva er eit kulturminne? Mange forbind ordet fyrst og fremst med gamle freda bygningar, men kulturminne er så mykje meir. I Kulturminnelova er det definert som  alle spor etter menneskeleg aktivitet, også miljø der det knytter seg historiske hendingar til. I tillegg kjem kunnskap om gamalt handverk og andre tradisjonar. Døme på kulturminner etter denne definisjonen kan da vere tufter etter ein gamal buplass, ein gamal ferdselsveg eller ei stulsbu. Kunnskap om lafteteknikk er døme på handverkstradisjon som eit kulturminne, andre døme kan vere saum-, vev- og strikketeknikkar.

Kven kan søke- og kva kan ein søke stønad til? Privatpersonar kan søke, men også lag og foreningar. Ein kan t.d. søke om stønad til rydding av eit kulturminne i utmark, vøling av eit tak på ei gamal bu, eller til eit kurs i eit gamalt handverksfag.

Størrelsen på fondet var i starten på 25 000 kr, den er nå på 35 000. Dette gjev ikkje grunnlag for store utbetalingar, men styret vil fortsatt arbeide  for å auke denne kapitalen.

Styret