Årsmøtet 2014 / Årsmelding 2013

(Foto: Ivar T.Dahl)

Referat frå årsmøte i Hjartdal historielag 2014.

Møtet fann stad på Løvheim i Sauland, onsdag 12.mars klokka 18.30.  30 medlemmer møtte.
Torkel Hytta ønska alle velkomen og leda møtet.

Sak 1: Årsmelding (sjå under)

Torkel Hytta la fram styret si årsmelding.

Kommentarar:

– Historielaget fekk ros for forslag sendt til Hjartdal kommune, om å frita freda bygningar for eigedomsskatt.

– Laget blei oppmoda om å påpeike overfor kommunen at verneverdige bygningar kan kome til å stå og forfalle, dersom dei blir pålagt eigedomsskatt.

Deretter vart årsmeldinga einstemmig godkjent.

Sak 2: Rekneskap.

Svein Bakkalia gjekk gjennom rekneskapet.

Kommentarar:

– Styret bør ta kontakt med banken, for å flytta laget sine kontoar over på høgrentekonto.

Deretter vart rekneskapet einstemmig godkjent.

Sak 3: Valg.

Leif Skoje la fram valgkomiteens forslag til nytt styre
Svein Bakkalia vart  einstemmig valdt til ny leiar.
Nytt styre blir :

  • Svein Bakkalia
  • Borghild Hovde Brennekåsa
  • Torkel Hytta
  • Audun Solberg
  • Torgunn Opsal
  • Torkjell Tjønn

Vara til styret blir:

  • Torkild H. Mosebø
  • Torkel Gjerde

Valgkomite er

  • Ivar T. Dahl,
  • Anne Tone Larsen
  • Sven Erik Sletta.

Alle valg var einstemmige.

På valg neste år:

  • Svein Bakkalia
  • Torgunn Opsal
  • Torkjell Tjønn
  • Torkild H. Mosebø

Resten av styret er vald for to år.
Styret konstituerar seg på første møte.

torkel_h_2014

Torgunn Opsal takka Torkel Hytta for framifrå innsats for laget i meir enn tjuge år. Ho overrekte han ein rosmåla bolle frå styret.

 

 

 

 

 

 

 

soelje

torkel_s_2014Etter det heldt Torkel Sletta eit svært interessant kåseri om symbolbruk i folkekunsten.

Han hadde  med seg brodera skjortekravar, søljer o.a. der desse symbola kom fram.

 

 


Leif Skoje har jobba med ny heimeside for Hjartdal historielag. Han viste korleis den kan brukas og oppfordra folk til å være aktive på heimesida.

Forslag til vedtekter for fond til kulturminnevern.

Styret har oppretta eit fond for kulturminnevern i kommunen. Fondet er på 25000,-kr. og er tenkt bruka som ei handsrekking til personar i kommunen som jobbar for å bevare ulike former for kulturminne.

Torkel Hytta la fram forslag til vedtekter for fondet.

  1. Formålet med fondet er å gje økonomisk stønad til vern av ulike former for kulturminner i Hjartdal kommune. Også informasjon og spreiing av kunnskap om kulturminner kan få tildeling frå fondet.
  2. Styret i historielaget er også styre for fondet.
  3. Startkapitalen for fondet settast til 25000,-kr. Endring av denne summen må godkjennast av årsmøtet. Jvnf. Pkt. 5
  4. Tildeling frå fondet blir normalt gjeve ein gong i året, etter skriftelig søknad innan 1.april. Opplysning om søknad og søknadsfrist blir gjort kjent i lokalavisa. Styret kan likevel bestemme å ikkje dele ut fondsmidlar eitt eller fleire år, dersom ein finn at ingen søknad fyller krava til stønad.
  5. Endring av vedtektene må godkjennast av årsmøtet.

Kommentarar:

– Styret må jobbe for ei oppbygging av fondskapitalen.

– For 2014 blir fristen for å søke fondsmidler satt til 1.mai

Med desse komentarane blei vedtektene godkjende.

 

Sauland 12.mars 2014
Torgunn Opsal (ref.)

_______________________________

Årsmelding 2013

Styret i 2013 har vore: Torkel Hytta (form.), Svein Bakkalia (kasserar), Torgunn Opsal (sekr.), Torunn Gjerjordet, Borghild Brennekåsa og Torkjell Tjønn.
Vararepresentantar: Torkel Gjerde og Torkild Mosebø.
Valgkomite: Leif Skoje, Ivar Dahl og Anne Tone Hytta Larsen.

Medlemstalet 31/12:   127.

2013 har vore eit aktivt år for Historielaget.

Årboka kom i år ut for tredje gong, og blei som vanleg presentert på eit godt besøkt møte på biblioteket i november. Den har fått mange gode tilbakemeldingar, og salget  har også gått bra. Årbokkomiteen har vore den same so m året før, men blir frå 2014 utvida med Torkjell Tjønn. På den måten vil alle tre bygdene vere representert.

Hjartdalskalenderen heldt fram som tidlegare,  medlemane i den komiteen er uenra frå året før.

Årsmøtet hadde me på Menighetshuset 20. mars, Ivar Dahl var der og heldt kåseri supplert med ei rikholdig bildesamling frå Tuddal.

Me har hatt sju styremøter. I tillegg til lanseringen av årboka har me hatt tre åpne møter. Eit møte i mai var om det fyrste organiserte skirennet i Sauland i 1867,eit emne som seinare blei ein stor artikkel i årboka 2013. I juni hadde me eit møte om den praktiske gjennomføringa omkring registrering av gamle buplassar, og i oktober på Menighetshuset med visning av siste filmen frå Suigard Bondal.  Filmen var tidlegare visa på Tuddal skule 24. mars, historielaget var da arrangør saman med  stiftelsen Bondal Bygdetun.

24. april arrangerte me tur til Statsarkivet på Kongsberg. Frammøtet var heller dårleg, men me som var der blei tatt svært godt imot, og fekk ein grundig omvisning og orientering om kva ein kan finne der. Me har vidare hatt to turar til freda bygningar i kommunen, ein i Hjartdal og ein i Sauland. I Hjartdal 9. juni var me til Risvollloftet, loftet på Nedre Haugan, og til den gamle stugo på Øverbø . I Sauland 11. sept. gjekk turen til mellomalderlofta på Nistugu og Suigard Frøland, og til sist til Kleppenstugo på Kleppen. Anne Haugen Wagn var med som omvisar på begge turane. Vellykka turar, men den til Hjartdal hadde fortent eit større publikum.

Som vanleg deltok me på Saulandsdagen i september, i år var me også med på bygdedagen i Tuddal i juli.

29. november var det fest for Halvor Sisjord på Bergtun med lansering av den nye boka hans. Historielaget sto som arrangør saman med familien Sisjord.  Ein fin kveld med fullsatt hus.

Førjulsmøtet hadde me i år på Tuddal Høyfjellshotell saman med ”Kjerringkveldane”, Hallgrim Høydal kåserte  om framveksten av  dei gamle trehotella på 1800-talet, med spesiell omtale av Tuddal Høyfjellshotell. Ein svært triveleg kveld som me gjerne ser kan bli ein tradisjon.

Mot slutten av fjoråret hadde me ein dialog med kultursjef Bjørn Rugaas om korleis pengar etter det oppløyste Hjartdal Museumslag burde forvaltas. Da laget blei oppløyst i 2006 blei  både pengar og gjenstandar gjeve til kommunen, og sidan har ca 8500 kr  stått urørt på konto i Hjartdal og Gr.h. Sparebank . Ette r  forslag frå Rugaas blei desse pengane nå overført til historielaget, men øyremerka til bruk i bygda Hjartdal. Førebels er det ikkje bestemt noko om bruken, men fleire forslag er drøfta. Styret vil nå gå ut med opplysning om dette i bygdebladet, og oppfordre folk i Hjartdal til å kome med forslag.

I 2013 vedtok styret å opprette eit fond for vern av kulturminner i kommunen. Forslag til vedtekter for fondet blir tatt opp på årsmøtet 2014 .

Solveig Tjønn, som døde sist haust, ga mykje skriftleg stoff til historielaget, bl.a. ei stor samling med dikt av forfattarar frå kommunen. Me hadde ein ide om å publisere eit utvalg av dikta på ein eller annan måte. Ein tremannskomite har arbeidd med stoffet, om det kan bli eit hefte  å gje ut er ennå uklart. Kanskje kan det bli eit årleg innslag i årboka?

Eigedomsskatt er som kjent innført i Hjartdal frå 2014. I august i fjor sende styret eit brev til kommunen og foreslo at freda hus skulle bli fritatt for skatt. Vi ser at dette har fått gjennomslag i utforminga av skatten. Om det er på grunn av forslaget frå historielaget veit me ikkje sikkert, det viktige likevel er at  prinsippet blei vedtatt.

Registrering av gamle buplassar har lenge vore planlagt. I 2013 blei dette meir konkretisert. Det blei satt ned ei nemnd til å arbeide med det, og i slutten av juni hadde me eit ope møte om emnet på Biblioteket. Tilstades der var Ragnhild Kaste Kåsa som hadde erfaring med slik registrering i Notodden historielag, ho  hadde mange gode råd å gje. Seinare på sommaren blei det gjort ein del markarbeid i Tuddal ,og i mindre grad i Sauland. Dette satsar me på å gå vidare med til sommaren i alle tre bygdene.

Sauland 6.03.2014
Torkel Hytta (form.)

 _____________________________