1814 sett frå Hjartdal

 

kirkeskilt_1814_storVi markerer nå i 2014 200-årsjubileum for det viktigaste året i Norges historie. Lokalhistorisk er det ikkje så mykje ein kan gjere ut av 1814, men litt er det.

Her må vi ta utgangspunkt i Prins Christian Frederik som hadde komme til Norge i 1813 som statthaldar og potensiell konge, for å ta seg av Norges interesser –  eller danskekongens interesser (derom har dei lærde vore i strid i alle desse 200 åra) etter fredsavtalen i Kiel januar 1814. Her hadde svenskane ved tronarvingen og krigsherren Carl Johan blitt lova Norge som krigsbytte. Danmark hadde valgt feil side i Napoleonskriganes siste fase og nå sto på den tapande Napoleons side.

Christian Frederik var tronarving i Danmark og fetter til danskekongen Frederik VI. Han var visstnok ein storsjarmør, men også med skjønn for politikk og med eit visst demokratisk sinnelag. I alle fall skjøna han etter litt påtrykk at skulle han bli norsk konge måtte han ha ei viss støtte i nordmennene som folk. Tida var over for at ein konge kunne påberope seg å få krona direkte frå Gud.

Etter ei reise til Trondheim for å gjere seg kjend i og med landet og ein del av folket, samla han ein del betydningsfulle menn på Eidsvoll den 16 februar til eit slags taktikk-møte. Etter dette såkalla notabilitetsmøtet – eller stormannsmøtet, gjekk det ut pålegg til alle landets prestegjeld om å foreta seg to ting ved ei gudsteneste så snart som mulig:

1) Prestane skulle syte for at kyrkjelydane skulle sverge på at dei ville forsvare norges rike
og
2) Det skulle utnemnast valgmenn som deretter skulle komme samman fylkesvis (amtsvis) for å velge utsendingar til ei grunnlovgjevande forsamling.

Prinsen hadde ikkje mykje tid på seg. Carl Johan ville på ingen måte at nordmenn, og i alle fall ikkje ein dansk prins skulle ta seg av å nyordne Norge. Nå var heller ikkje Carl Johan utan syn for moderne demokratiske tankar, han kom jo frå revolusjonslandet Frankrike. Men skulle Nordmennene ha eiga grunnlov, skulle i alle fall Sverige og han sjølv legge premissane.

At Christian Frederik i det heile såg det mulig å bli norsk konge våren 1814 hadde sin grunn i at Carl Johan var opptatt med siste innsats for å sette Napoleon på plass – langt nede i Europa. Dette gav det pusterommet som nå Prins Christian Frederik og notabilitetane på Eidsvold kunne nytte seg av. Dermed gjekk «rundskrivet» ut til sogneprestane , og i løpet av februar og mars greidde dei fleste å gjennomføre pålegget. I Nord-Norge var det sjølvsagt umulig å få til dette i tide, derfor rakk heller ikkje nokon derifrå fram til Eidsvoll i tide.

Nå er vi altså framme ved den vesle lokalhistoriske biten av dette store historisk/politiske dramaet.

Ved litt søking i digitalarkivet/arkivverket på Hjartdal og 1814 finn vi først eit fint gammalt dokument med  nokre få liner gotisk handskriven tekst og 12 ærverdige raude lakksegl under.

Av dokumentet som er datert den 18 Marti 1814 – ein fredag – går det fram:

At Sognepræsten Johannes Henric Lind og Odels-Bonden Gundleic Olsen Bolkeskiøe, af Hjerdahls Præstegields samtlige Almue ere udnævnte til at være paa Menighedens Vegne de tvende Valgmænd ved Mødet paa Fossum Jern-Værk den 23de Marti 1814. —

Og under dette har altså nokre av bygdas viktige personar attestert at alt har gått rett for seg:

valgdokumnet1814_1100

Det attesteres herved af os undertegnede under Haand og Signete.
Hierdahls Hoved-Kirke den 18de Marti 1814.—

Johannes H. Lind
Mathias Mathiasen Kleppen Lensmand
Ole Kittilsøn Døhln
Tosten Torbiørns: Hovde Medhielper
Oie Nielsen Aasen Medhielper
Halvor Høljes: Haave.
Thor Bendts: Guttehuus
Tarjer Halvorsen Aabøe
Gisle Knudsen Rui Klokker
John Johansen Fladland
Johannes Helgiesen Havsten Medhiælper
Gullech Olsen Bolchesiøe
Hans Kitteisen Frøland Medhielper

Hjartdal var hovudsognet, og valgkyrkja blei sjølvsagt den heilt nye Hjartdalkyrkja som byggmeisteren Halvor Høgkasin hadde overlevert kyrkjelyden i 1812.

At presten var den eine «utnævnte» var nok sjølvsagt i mange bygder. I tillegg valde hjartdølane Odels-Bonden Gundleic Olsen Bolkeskiøe. Gransherad og Bolkesjøgrenda høyrde jo til Hjartdal prestegjeld fram til 1859. Og bonden på Bolkesjø var ein leiarfigur i Øvre Telemark, eller Bratsberg som amtet heitte den gongen. Dessutan var det etter reglane at minst ein bonde skulle velgast.

Det var verkeleg hastverk, for alt onsdagen etter måtte dei to innfinne seg på Fossum jernverk ved Skien saman med utsendingar frå dei andre bygdene i Bratsberg amt for å velge utsendingar til Eidsvollforsamlinga. Dei er dermed i gang med det første offentlege valget i Norges historie.

Men finst det meir handfast kjeldemateriale frå Hjartdal i desse dagane? Vi bør kanskje sjå om presten har skrive noko i kyrkjeboka ved ein slik anledning.  Vi må til Arkivverket på internett igjen. Vi leitar oss fram i «Ministerialbok for Hierdal»: Hjartdal, Ministerialbok nr. I 6 (1801-1814), Kronologisk liste 1814, side 124.

Vi finn ei side som øverst har ei liste over konfirmantar i Hjartdal 6.mars. Lenger ned finn vi det som er interessant i vår sammanheng:

I Hierdahls Kirke Fredagen dj. 18d Martz blev holdt en befalet Takkefest for Landets Frelse fra fiendtlighederne hidindtil – samt Bøn-Fest imod fremdeles fiendtlig Vold mm. Hvorda tillige Folket blev taget i Eed paa at ville forsvare Norges Rige etc.

Da er edsavlegginga dokumentert, men ingenting er nemnt om valget, Det fekk jo sitt eige dokument og det var vel ingen grunn til å sløse med papir og blekk den gongen.

Korleis opplevde hjartdølane så dette? Her har vi dårleg med lokale kjelder. Vi må bare tenke oss til ut frå kva vi elles veit om denne tida. Kunnskapsnivået var nok ikkje høgt hos folk flest, men nokre av bøndene følgde nok med ein del. Vi veit frå andre kantar at sjølve edsavlegginga kom helit bardus på mange i kyrkjelyden. Dette var ikkje småtteri når eiden var formulert slik: Sverger dere å hevde Norges selvstendighet og å våge liv og blod for det elskede Fedreland? Svaret skulle vere: Det sverger vi, så sant hjelpe oss Gud og hans hellige ord.

Valget må ha vore administrert på ein forståeleg måte. Ein kan også legge merke til at dette skjedde på ein fredag, og ikkje i samband med ei sundagsgudsteneste. Møtet, den såkalla bededagen, var jo spesielt befalet.

Og så må vi hugse på at folk i Hjartdalsbygdene som elles i landet var heilt utsulta og nedkjørt i desse åra. Ikkje bare på grunn av krigen og at «engelske kryssere stengte hver havn» som det stod i Terje Vigen. 1812-13 var dei verste uåra vi kjenner til i Norges historie. Det var rein hungersnaud og folk hadde døydd i hopetal, både direkte av svolt og enda fleire av sjukdomar som følge av næringsmangel. Brød blei baka av knust bark i så stort omfang at det faktisk gjekk utover skogen i tiår etter, er det fortalt.

Kven hadde stemmerett?

På møtet ved Fossum jernverk 23.mars blei det vald tre utsendingar til Eidsvoll. Og eit litt meir omstendeleg brev til prinsen blei utforma

Deres Kongelige Høyhed Norges Regent!
Naadigste Prints!

Følgelig Deres Kongelige Høyheds naadigste Befaling til Bradsberg Amt, give vi os den Ære underdanigst at indberette, at vi Amtets samtlige Valgmaend, i Dag vare forsamlede paa Fossum Jernværk, for at vælge 3de Deputerede for Bradsberg Amt, til den af Deres Kongelige Høyhed berammede Rigs Forsamling paa Ejdsvold anstundende 10de April. Til dette hæderlige og vigtige Kald have vi valgt Dhrr. Kammerherre Amtmand Løvenskiold, Justitsraad og Ridder Cloumann samt Bonden Tallef Huvestad hvem vi paa vores og vore Medborgere og Medbrødre i Bradsberg Amt deres Vegne, herved bemyndige til at beslutte og iværksette, Alt hvad de i Foreening med Rigets øvrige Deputerede, maatte ansee gavnligt for Fædrenelandet og dets tilkommende Styrelse, hvortil vi bede Gud den Almægtige lægge sin Velsignelse. —

Vi anbefale vores Amt og os selv i Deres Kongelige Høyheds naadigste Bevaagenhed!
Fossum Jernværk den 23de Martii 1814.

Underdanigst… (Og her kjem underskriftene til alle på møtet, mellom andre dei to frå Hjartdal.)

peder_j_clouman
Peder J. Clouman
(Opprinneleg presteson frå Heddal)
t_o_huvestad
Tallef.O.Huvestad
severin_l
Severin Lôvenskiold

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til desse som var valde frå landdistrikta valde byane sine eigne representantar. Byane høyrde administrativt under Akershus Stift, ikkje Bratsberg Amt.  Frå Skien – Grosserer og Borgerrepræsentant Didrich von Cappelen, frå Porsgrunn – Grosserer og StadsCapitaine Jørgen Aall og frå Kragerø – Hr. Auditeur Hersleb Hornemann, dette Stæds Byefoged.

Dermed har vi oversikten over kven som var utsendingar frå det som i dag er Telemark. I tillegg valde militærvesenet sine eigne representantar. Av desse kan det også vere telemarkingar, utan at vi førebels har klart å finne ut av det.

«Telemarkingane» var enige om at norsk sjølvstende var for optimistisk å håpe på i desse spente politiske tidene. Dermed slutta dei seg til tanken om å godta Kielfreden og satse på ein tilslutnad til Sverige, men ved hjelp av ei norsk grunnlov å kunne skaffe lande ein mykje meir sjølvstendig status enn i utgangspunktet tenkt frå Karl Johan. Særleg næringslivsfolk på Austlandet, med Grev Herman Wedel Jarlsberg i spissen, gjekk for denne løysinga. Desse var i mindretal på Eidsvoll, men det var deira løysing som blei den endelege i løpet av hausten.

Når det gjeld Huvestad kan vi regne han som den tydelege bonderepresentanten frå Telemark og dermed i stor grad også hjartdølanes mann. Dei andre representantane var frå høgare samfunnsklasser. Men Huvestad gjorde seg gjeldande på Eidsvoll. Vi siterer frå boka 1814 – Miraklenes år av Karsten Alnæs. Han skriv om bonderepresentantane:

En av dem er Talleiv Huvestad, som var «mann for sitt ord, han leste og skrev, var skolelærer, vaksinator’ prestens medhjelper- og foregangsmann innenfor det lokale landbruket i Lårdal der han kom fra».

På Eidsvoll grep Huvestad ordet i saker som hadde med bøndenes interesser å gjøre. Han forsvarte blant annet odelsretten og gikk inn for at verneplikten skulle være allmenn og ikke bare påligge bøndene. Dessuten mente han, som også en annen bonderepresentant, at «Jordbrug, Skogdrift og Sagbrug bør fornemmeligen være Bondens Sag».

«Der var ingen bonde som la seg so mykje i grunnlovsarbeidet som han», skriver Halvdan Koht, og mener Huvestad var en av dem som sto bak forslaget om at det gamle kirkegodset skulle selges, og at borgere i byene ikke burde få eie gårdsbruk på bygdene. Tanken var selvsagt at det var bøndene som skulle få anledning til å skaffe seg den solgte prestegårdsjorda.

Embetsmennene ga mange godord om Huvestad, «der under sin Vadmelskofte skjulte et Fond af Kundskaber, der maatte frappere Enhver», ifølge Gustav Blom.

Hverken Huvestad eller de andre bøndene kom til å gjøre seg særlig gjeldende i de ukene som nå skulle komme. Det var imidlertid vekket en folkelig opposisjon, riktignok svak og ubetydelig, men likevel med konturene av et politisk program som skulle vokse seg stadig sterkere i tiårene som fulgte og bane veien for et bredere fundert demokrati. Men foreløpig så vidt våknende.

___________________________________________________

http://www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/1814/1814-vaare-foerste-nasjonale-valg

 https://www.kirken.no/?event=doLink&famID=384478

file:///C:/Users/Leif/Downloads/grunnlovsjubileet_1814-2014_festgudstjeneste_bonnedag_for_land_og_folk.pdf

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *