Under ser ein brevet som styret sende før kommunestyret skulle drøfte kulturminneplan for Hjartdal kommune.
Kommunen såg seg diverre ikkje i stand til å løyve beløpet.
Sauland 31/1-2014
Til Hjartdal kommune
v/ Rådmannen.
Vi viser til oppslag i Telen 21.januar om brev frå Telemark fylkeskommune, der 14 kommunar- m.a. Hjartdal – blir oppfordra til å søke Riksarkivaren om 100 000 kr som ledd i arbeid med kulturminneplan for kommunen.
Vern av kulturminner er ei av hovudoppgavene for Hjartdal historielag. Vi arbeider med det på fleire måtar: Rydding av gamle ferdselsvegar, registrering av gamle buplassar ( eit prosjekt starta opp i 2013 ), og vedtak om å stifte eit fond for kulturvern i kommunen. Fondet blir ein realitet våren 2014.
Mange kulturminner står i dag i fare for å bli borte. Gamle vegar og spor etter tidlegare buplassar veks til med skog og annan vegetasjon. I tillegg kan store maskiner i skogbruk og annan anleggsdrift gjere stor skade både på nyare og eldre kulturminner.
Historielaget ser det derfor som viktig at kommunen søker om summen på 100 000 kr frå Riksantikvaren, og dermed startar arbeidet med kulturminneplan. Riksantikvaren har eit mål om kulturminneplan i alle kommunar, og det er godt tenkeleg at det kan bli eit krav i framtida. Dersom Hjartdal nå går mot å søke, mistar kommunen ein slik startkapital, og må i så fall starte arbeidet frå grunnen av.
Vi er kjent med at Rådmannen og fleirtalet i formannskapet gjekk mot å sende ein slik søknad, og dermed også mot å starte utarbeiding av kulturminneplan. Vi håpar likevel at kommunestyret gjer eit anna vedtak. Hjartdal historielag ynskjer i så fall å vere ein aktiv samarbeidspartnar.
Med helsing Hjartdal historielag
Torkel Hytta (formann) Torgunn Opsal (sekretær)
Kopi: Gruppeleiarane i Arbeiderpartiet,Senterpartiet og Kristelig Folkeparti.
Ordførar Sven Tore Løkslid.