Årsmøte 2019

                           Årsmelding for Hjartdal historielag 2018

Styret 2018
Svein Bakkalia, leiar
Torgunn Opsal,  nestleiar og sekretær                       
Borghild Hovde Brennekåsa, styremedlem
Gunvor Prestårhus, styremedlem
Audun Solberg, styremedlem
Torkjell Tjønn, styremedlem
Torkild H Mosebø, 1. varamedlem og kasserar
Torkel Hytta, 2. varamedlem

Valgkomite: Tone Stuvrud, Kari Haugen Skoland og Dag Krokaa.
Revisor: Torkjel Sletta.

Styret har hatt 9 styremøte og varamedlemmane har møtt på styremøta.
Vi har hatt 204 medlemmar pluss 3 æresmedlemmar i 2018. Dette er 2 færre enn fjoråret. 

Kontingenten har vore kr 300,- inkl. gratis årbok. Dette er det samme som førre året.
Rekneskapen er revidert pr 31.12.18 med ei omsetning på kr 244 817,89 og eit overskot på kr 33 098,04,-. Behaldninga er på kr 203 084.93 pluss 106 221,79 som tilhører tre særrekneskap.

Møter og arrangement
Årsmøtet blei halde på Løvheim Gjestehus i Sauland onsdag 7. mars med 40 medlemmar tilstades. Årsmelding og rekneskap blei gjennomgått og godkjent.
Borghild Hovde Brennekåsa, Gunvor Prestårhus og Audun Solberg var på valg i styret, i tillegg til Torkel Hytta som vara. Alle blei attvalgt. Styret konstituerer seg sjølv.   
Svein Erik Sletta i valgkomiteen hadde fråsagt seg attvalg. Nytt medlem i valgkomiteen blei valgt Dag Krokaa.
Revisor Ingebjørg Frøland Hagen hadde etter mange år fråsagt seg attvalg. Ny revisor blei valgt Torkjel Sletta.
Etter årsmøtet heldt Bergit Telnes eit interessant foredrag og viste lysbilde om bondeopprøret i Hjartdal i 1540.

foredragskvelden på Menighetshuset onsdag 18.april var det 52 personar tilstades. Svein Vetle Trae heldt foredrag og viste lysbilde med tema «Krig og motstand i Hjartdal 1940-45». Etter foredraget svara Trae  på spørsmål frå dei mange interesserte som viste at interessa for krigshistoria fortsatt er levande hos mange. Og sjølsagt var det kaffi og gode kaker å få i pausa.  

Siste styremøte før sommaren blei halde på Lien Fjellgard i Svartdal tysdag 19.juni. Etter møtet fekk styremedlemmane og partnarar svært god gardsmat og ei interessant omvisning og orientering om gardshistoria av vertskapet Mette og Tor Lien. Opphaldet var ei gåve til styret frå eit av medlemmene som takk for innsatsen, ei gåve vi er svært takksame for.

Murukleivkvelden onsdag 19. september var ein stor suksess med svært godt oppmøte på rundt 100 deltakarar. Ove Eriksen las frå boka si og fortalde levande om Murukleiven og tida han levde i. Ei utruleg historie om forbryterhøvdingen Tov Murukleiv på røvartokt og flukt og avgrunnen mellom fattig og rik i første halvdel av 1800 talet.
Halvor Langåsdalen song Murukleiv-visa og meisterspelemannen Alf Tveit, som har vunne Landskappleiken fleire gonger, spela m.a. slåtten Murukleiven. Hardingfelespel i toppklasse.
Og kakene og kaffen smaka.

Lanseringsmøtet av årboka onsdag 14. november samla 36 personar. Torgunn Opsal, Torkjell Tjønn, Leif Skoje og Audun Solberg las og fortalde frå artiklane sine. Gunnulf Sletta og Leif Skoje stod for fine musikalske innslag. Gunnulf Sletta spela m.a. slåtten ”Anton”. Og kakubaksten til Ingebjørg Opsal smaka like godt som alltid.
Telen hadde eit stort og fint oppslag om boka og innhaldet etterpå.  

Førjulskvelden med julemat på Tuddal høyfjellshotell blei også i år halde saman med «Kjerringkveldane» i Tuddal. Det var ikkje mindre enn 70 deltakarar tilstades på årets julearrangement tysdag den 4. desember, fleire kom med fellesbuss frå Hjartdal. Det har aldri vore så mange med på førjulskvelden før. Det er fint med stor interesse sjølv om vi var i overkant mange i år. Men alle fekk plass.
Kvelden blei som tidlegare like framifrå leia av Borghild Hovde Brennekåsa. Spelemannsprisvinnar og årets folkemusikar Anne Hytta stod for underhaldninga. Det er stort at saulandsbygda har fostra ein slik spelemann på hardingfele.  Eit framifrå spel som også ordførar Bengt Halvard Odden ga uttrykk for med takketale og ein stor blomsterbukett.  Kari Haugen Skoland takka for ein smakfull julemat med både tale og song. Det har som tidlegare berre vore skryt av maten å høyre etterpå.

Som fjoråret var også dette året historielaget å treffe på biblioteket kvar onsdag mellom kl 18 og 20. Frammøtet varierar, men det er stadig folk innom og praten går livleg.

Turar
Tur til Bergverksmuseet og Kongsberg kyrkje 26. mai. 32 personar var med på turen og fekk ei interessant omvisning på Bergverkmuseet og den skihistoriske utstillinga på Skimuseet. Etter ein kaffikopp på restauranten Big Horn viste den utflytta hjartdølen Trygve Dølen oss rundt i området rundt kyrkja som er den eldste delen av den gamle sølvverksbyen. Deretter fekk vi ei ny omvisning i den staselege Kongsberg kyrkje med 2500 sitteplassar og imponerande lysekroner og som blei avslutta med ein flott konsert på det gamle orgelet. Det var Kristin Flatland Solbu, opprinneleg frå Sauland, som spela. Før heimturen var det lunsj på Opsalgården og med muntre historiar frå Kongsbergtraktene som underhaldning til maten. 

Kveldstur til gravhaugane på Skoje onsdag 6. juni. Vi fekk sjå spor etter smie, kolgroper, fangstgrop og gravhaugar. 11 personar møtte og fekk ei interessant omvisning med Audun Solberg som omvisar og kjentmann.  

Årbok 2018, Hjartdalskalenderen 2019 og Kontaktbladet
Årbokkomite for Årbok 2018 har som før vore Svein Bakkalia, Torgunn Opsal, Leif Skoje og Torkjell Tjønn og samarbeidet i komiteen er like bra som tidlegare.
Årets bok var den åttande årboka og salget er bra. Boka er fortsatt gratis for medlemmene.  Prisen er kr 200 i utsalg og økonomien er god. Vi har bra med stoff og stadig nye forfattarar. Årboka er viktig i historielagets arbeid med lokalhistorie.

Kalenderkomite for Hjartdalskalenderen 2019  har vore leiar Torkel Hytta, Ivar T Dahl, Audun Solberg og Tone Stuvrud saman med Tor Djupedal og Synnøve Våle som var nye i komiteen i år.  Årets kalender er den 33 dje Hjartdalskalenderen. Kalenderen er populær og går med eit bra overskot. Prisen er kr 100.

Kontaktblad for Hjartdal historielag nr. 49 blei sendt ut i til alle medlemmane i mai saman med innbetalingsblankett for medlemskontingenten. Innhaldet var m.a. stoff om turen til Bergverksmuseet på Kongsberg i mai, ein kortversjon av Toralf Slettas karriere som musikar og om nokre bilde etter Mattis Omnes frå Vinjejubileet for 100 år sidan.  

Kulturminnene
Styret har sluttført møteserien om kulturminner etter dette opplegget:

1: Historikk om kulturminnevernet i Norge.
2: Riksantikvaren og kulturminnene.
3: Hjartdal kommune og kulturminnene.
4: Kulturminnene i Hjartdal. Freda og verneverdige kulturminner.
5: Registrering av kulturminner. Kulturminnesøk.
6: Historielagets arbeid med kulturminner.

Det er laga eit styrehefte etter same oppsett som diskusjonsopplegget. Vi tok for oss pkt 1, pkt 2, pkt 3 og pkt 5 på tre møter førre året. Møtet om kulturminnene i Hjartdal, freda og verneverdige kulturminner (pkt 4) blei halde i mai, om historielagets arbeid med kulturminner (pkt 6) i november.
På siste møtet blei det diskutert ei konkret prioritering og plan for kulturminnearbeidet i historielaget. Stikkord er bygdelister over kulturminner, Heddal mølle og Tuddal bygdetun og konsolidering under NIA (Norsk Industriarbeider museum), kommunal kulturminneplan, registrering av husmannsplassar, Su-Aabø, Badstugu i Gvammen og historielagets kulturminnefond.

Kulturminnefondet
Det hadde kome inn to søknadar til Kulturminnefondet innan fristen 1. april.  På styremøte 5.4.18 blei det løyva;
– kr 12000 til Audun Solberg til C-14 datering av jernslaggområde ved Skjessvatn og ein jernvinneomn ved Kovvatn. Fylkeskommunen har kosta denne dateringa i etterkant.
– Ein søknad blei utsett pga mangelfulle opplysningar.

Ingen av nye eller tidlegare prosjekt er sluttført og utbetalt i 2018.
Fondet er tilført kr 10 000 etter budsjettvedtak på årsmøtet i 2018. Fondets saldo er nå kr 61 967,29.

Registrering av gamle buplassar
Prosjektet med registrering av husmannsplassar har fortsatt i 2018. Torkel Hytta er prosjektleiar. Registreringa i Sauland og Tuddal er stort sett ferdig. I Hjartdal har registreringa fortsatt ikkje kome igang.
Skrivearbeidet om dei enkelte plassane i Sauland blir sluttført i løpet av vinteren slik at den første husmannsplassboka, boka om Sauland, vil vere klar for salg like før eller like etter sommaren.

Lokalhistorisk arkiv
Arbeidet med historielagets lokalhistoriske arkiv pågår fortsatt. Arkivet skal innehalde eit dokumentarkiv, eit fotoarkiv, eit lyd og filmarkiv og ei boksamling.  Saman med sjølve arkiveringa vil materialet bli digitalisert. Brev om etablering og plassering blei sendt utval for levekår og kultur i februar og kommunen ved rådmannen i mars. Etter mange forespørslar om svar blei det endeleg i desember underteikna ei avtale mellom kommunen og historielaget med løyve til å plassere arkivskåp i 2. høgda på biblioteket. 4 arkivskåp og eit sjalusiskåp er kjøpt inn og er nå på plass. Kostnad kr 28 481,25.Det har ikkje vore utført noko større arkiveringsarbeid dette året i påvente av plassering av nye arkivskåp.
Vi har blitt med i prosjektet Synleggjering av usynlege arkiv i Telemark, leia av Vest- Telemark Museum. Det blei halde eit førebuande møte med arkivar og prosjektleiar Per Ormestøyl frå Vest-Telemark Museum og arkivar Dag Andre Fiskum Velle frå NIA i november.   

Mølla-ny bruk
Frøydis H Skoje og Geir J Hagen er valgt som historielagets representantar i styret for stiftinga Mølla-ny bruk for perioden 2019-2020. Erling Wang er kommunens representant. Styret har mottatt stiftingas årsmelding og rekneskap for 2017 og desse er tatt til orientering.Frøydis H Skoje og Svein Bakkalia var på fleire møte i hausthalvåret med Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) der tema har vore konsolidering av Heddal mølle under NIA.  Bjørn Rugaas frå Hjartdal kommune har vore tilstades på nokre av møta. Prosessen har gått parallelt med møter med Tuddal museumslag  og NIA om konsolidering av Tuddal museum. Forslag til avtaler blei nedstemt i kommunestyremøte i desember.

Bygdedagane
Historielaget var som vanleg til stades på Slåttefestivalen i Hjartdal 9. juni, på Bygdedagen i Tuddal 22.juli og på Bygdedagen i Sauland 1.september. Vi hadde eigen salgsbod med informasjonsmateriell og salg av bøker.

Andre saker
– Årsmøtet i Telemark historielag
Torgunn Opsal, Ingebjørg Opsal, Borghild Hovde Brennekåsa, Elling Michelet, Audun Solberg, Leif Skoje og Svein Bakkalia deltok på seminaret til Telemark historielag på høgskulen i Bø lørdag 14. april. Tema: Telemark i vikingtid og tidleg middelalder.

– DNT 150 år
Leif Skoje, May Britt Pedersen og Svein Bakkalia deltok på jubileumsarrangementet på Tuddal høyfjellshotell søndag 2.september. Historielaget var invitert av Notodden turlag til foredrag med Trond Aasland og Tor Nicolaysen.

– Lanseringsmøte for Bevaringsplan for privatarkiv
Torkild H Mosebø og Svein Bakkalia deltok på lanseringsmøtet for Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark på Universitetet i Sørøst Noreg i Bø torsdag 20. september.

– Lokalhistorisk arkiv i Åmotsdal
Torkild H Mosebø, Leif Skoje og Svein Bakkalia deltok på åpningsarrangementet for lokalhistorisk arkiv i Åmotsdal måndag 19. november.  

– Ny scanner og prosjektor
Det er kjøpt inn ein scanner for digitalisering av 8 mm film med ein kostnad kr 5 157,16 og
ein berbar prosjektor til bruk på arrangement til ein kostnad på kr 10 374,84.

– Sosiale medier
I tillegg til den faste  nettsida vår legg vi ut bilde og meldingar om arrangement på historielagets sider på facebook.

– Gåver
Historielaget har fått ei bildebok og ein minnepinne med PDF fil til lokalhistorisk arkiv frå John Berge. Boka har han laga om handverksarbeidet til far sin, hjartdølen Hans Berge.
Og frå Torbjørn Lonar frå Skien har vi fått boka ”Eikermoungane”                                 

Styret i Hjartdal historielag

Svein Bakkalia
leiar