Kategoriarkiv: _

Stor myllekveld i Hjartdal

Det er ikkje mange bygdemyller att der kønnet blir mole på gamlemåten. Onsdag kveld kan du bli med Hjartdal Historielag til Hjartdal bygdemylle ved Egderudfossen, der myllaren Svein Våle vil vise oss korleis kønnet blir til mjøl i dag.

Mylla som ligg i bakken like før kyrkja er framleis i bruk og ligg på same staden der den gamle Veltekvenna låg. «Heile huset riste når kverna var i gang, men ho mol og mol hjartdølanes korn den eine generasjonen etter den andre, lenger attende enn nokon veit.», slik Halvor H. Sisjord har sagt det. Rett nok er vatnet som i tidlegare tider dreiv kvennesteinane nå erstatta med straum, men elles gjeng det meste føre seg som det alltid har gjort.

Og her kan du få kjøpt mjøl av myllaren, ekte byggmjøl frå ei tradisjonsrik bygdemylle, om du er interessert i det.

Etterpå er det byggmjølsgraut å få i den gamle Kyrkjekrinsen skule, som sjølvsagt er koka på mjølet frå bygdemylla.

Anne Langåsdalen, ei av bygdas ungjenter, har lova å ta med seg hardingfela si, Olav Tho vil fortelje om myllene ved elva i gamaltid og Halvor H. Sisjord vil lese om livet ved elva fram til idag. Så her skulle det bli litt av kvart for alle under grautmåltidet.

Vi vil og få ei fin overrasking i løpet av kvelden som vil avsluttast med ein konsert av Kjetil Flatland. Han syng og spelar på både saksofon og tangentar og har utdanning frå Norges Musikkhøgskule. Kjetil Flatland er av hjartdalsslekt og gav i 2015 ut den kritikarroste plata Ein song til deg. Folkemusikk og folketonen er viktig i musikken han spelar.

Vi trur dette vil bli ei stor musikkoppleving som avslutning på ein triveleg bygdekveld og håper mange vil finne vegen til mylla og det gamle skulehuset i Kyrkjebygda.

Hjartdal Historielag,

Svein Bakkalia

Ny haustsesong

Nærmare program for aktivitetene kjem snart, men du kan i alle fall rekne med at det er åpent hus på biblioteket på Saulandtunet kvar onsdag kl.18:00-20:00.

Bli med historielaget til Suigard Bondal – 25 juni!

Har du opplevd våren i Bondal og kulturlandskapet der når sommaren står for døra?
Har du vore på den gamle fjellgarden Suigard og sett deg om på det fantastiske gardsmuseet til Øystein Bondal, med små og store gjenstandar og reiskap som har fulgt garden i fleire hundre år? Kanskje du har vore her før, men berre må sjå alt dette enda ein gong?bondal_maleri
Da kan du bli med historielaget til Bondal lørdag 25.juni. Stiftinga Bondal bygdetun og Hjartdal historielag vil denne dagen syne deg rundt på den gamle garden og museet, vi har lapskaus og kaffi til salgs og eit program for dagen vi heilt sikkert trur du vil like.
Nils Bondal tar med seg fela si så slåttemusikk nok ein gong vil bli å høyre utover fjellbygda. Bent Nilsen tar turen frå stulen på Finnvollen og vil fortelje om bondalsbygda og kulturlandskapet. Kanskje vil vi til og med få høyre nokre av våre eldre synge ei eller fleire folkeviser og fortelje ei god historie frå gammal tid.
Vil du vere med på dette, må du melde deg på og bli med i bussen som går frå Hjartdal bygdesentral kl 10, Saulandtunet kl 10.30 og Bøen Camping kl 11. Sjølv om du også kan bruke privatbil vil vi gjerne ha flest muleg i buss pga parkeringa. Bussen går tilbake frå Bondal i 16-tida.
OBS! Ta med deg ein campingstol!

Påmelding tidlegast råd til Thor Tveiten 95 46 77 99, Svein Bakkalia 97 53 54 68 eller Torgunn Opsal 46 94 45 21.

Vellykka tur til Toin

Tirsdag 31.mai 2016 hadde 24 interesserte samla seg til ein kveldstur til den nedlagde husmannsplassen Toin i Reisjågrenda i Tuddal.
Ein tur til Steinsrud for å sjå bombekratera frå 1943 blei det også tid til.

Her kan du sjå ein del bilde frå turen