Kategoriarkiv: Uncategorized

Bli med på tømmerhogst med hest – lørdag 7 mars

 På tømmerhogst med dølahesten Gorm.

Lørdag 7 mars vil Torkel Gjerde vise alle som er interessert, bruk av hest i tømmerskogen. Han vil fortelje om korleis hesten vart bruka og kva reiskap ein nytta før i tida. Og ikkje berre før i tida, mange har faktisk tatt hesten i bruk att som arbeidskamerat i skogsarbeidet.
Det blir kaffi å få,  koka på storkjele over tømmerhøggarbålet. Noko å bite i blir det også ei råd med.
Møt opp på Øygarden i Sauland lørdag 7 mars kl 13 og bli med Gorm og Torkel på tømmerhogst i heimeskogen. Ta med gode klær og sko.
Vegen til Øygarden blir skilta frå storvegen.

 

Fond for kulturminnevern i Hjartdal historielag

Hjartdal historielag  oppretta i 2014 eit fond for kulturminnevern. Hensikten med det er å gje ei stønad til dei som vil gjere noko aktivt for å ta vare på eit kulturminne, og kanskje også stimulere andre til å gjere det same.

Kva er eit kulturminne? Mange forbind ordet fyrst og fremst med gamle freda bygningar, men kulturminne er så mykje meir. I Kulturminnelova er det definert som  alle spor etter menneskeleg aktivitet, også miljø der det knytter seg historiske hendingar til. I tillegg kjem kunnskap om gamalt handverk og andre tradisjonar. Døme på kulturminner etter denne definisjonen kan da vere tufter etter ein gamal buplass, ein gamal ferdselsveg eller ei stulsbu. Kunnskap om lafteteknikk er døme på handverkstradisjon som eit kulturminne, andre døme kan vere saum-, vev- og strikketeknikkar.

Kven kan søke- og kva kan ein søke stønad til? Privatpersonar kan søke, men også lag og foreningar. Ein kan t.d. søke om stønad til rydding av eit kulturminne i utmark, vøling av eit tak på ei gamal bu, eller til eit kurs i eit gamalt handverksfag.

Størrelsen på fondet var i starten på 25 000 kr, den er nå på 35 000. Dette gjev ikkje grunnlag for store utbetalingar, men styret vil fortsatt arbeide  for å auke denne kapitalen.

Styret

 

God jul og godt nyttår!

Hjartdal historielag seier takk for eit innhaldsrikt år og ynskjer alle medlemmer og andre god jul og godt nyttår.

Vi har hatt juleavslutning med «kjerringane» i Tuddal, og årboka er på plass.

Etter nyttår held vi fram med åpent hus kvar onsdag på biblioteket i Sauland.

Fleire prosjekt er på gang, så følg med!

Nye medlemmer er alltid velkomne!