Alle innlegg av Torkel Hytta

Fond for kulturminnevern i Hjartdal historielag

Hjartdal historielag  oppretta i 2014 eit fond for kulturminnevern. Hensikten med det er å gje ei stønad til dei som vil gjere noko aktivt for å ta vare på eit kulturminne, og kanskje også stimulere andre til å gjere det same.

Kva er eit kulturminne? Mange forbind ordet fyrst og fremst med gamle freda bygningar, men kulturminne er så mykje meir. I Kulturminnelova er det definert som  alle spor etter menneskeleg aktivitet, også miljø der det knytter seg historiske hendingar til. I tillegg kjem kunnskap om gamalt handverk og andre tradisjonar. Døme på kulturminner etter denne definisjonen kan da vere tufter etter ein gamal buplass, ein gamal ferdselsveg eller ei stulsbu. Kunnskap om lafteteknikk er døme på handverkstradisjon som eit kulturminne, andre døme kan vere saum-, vev- og strikketeknikkar.

Kven kan søke- og kva kan ein søke stønad til? Privatpersonar kan søke, men også lag og foreningar. Ein kan t.d. søke om stønad til rydding av eit kulturminne i utmark, vøling av eit tak på ei gamal bu, eller til eit kurs i eit gamalt handverksfag.

Størrelsen på fondet var i starten på 25 000 kr, den er nå på 35 000. Dette gjev ikkje grunnlag for store utbetalingar, men styret vil fortsatt arbeide  for å auke denne kapitalen.

Styret

 

Kulturminneplan

Under ser ein brevet som styret sende før kommunestyret skulle drøfte kulturminneplan for Hjartdal kommune.
Kommunen såg seg diverre ikkje i stand til å løyve beløpet.

 

Sauland 31/1-2014

Til Hjartdal kommune
v/ Rådmannen.

Vi viser til oppslag i Telen 21.januar om brev frå Telemark fylkeskommune, der 14 kommunar- m.a. Hjartdal – blir oppfordra til å søke Riksarkivaren om 100 000 kr som ledd i arbeid med kulturminneplan for kommunen.

Vern av kulturminner er ei  av hovudoppgavene for Hjartdal historielag. Vi  arbeider med det på fleire måtar: Rydding av gamle ferdselsvegar, registrering av gamle buplassar ( eit prosjekt starta opp i 2013 ), og vedtak om å stifte eit fond for kulturvern i kommunen. Fondet blir ein realitet våren 2014.

Mange kulturminner står i dag i fare for å bli borte.  Gamle  vegar og spor etter tidlegare  buplassar veks til med skog og annan vegetasjon.  I tillegg kan store maskiner i skogbruk og annan anleggsdrift  gjere stor skade både på nyare og eldre kulturminner.

Historielaget ser det derfor som viktig at kommunen  søker om summen på 100 000 kr frå Riksantikvaren, og dermed startar arbeidet med  kulturminneplan. Riksantikvaren har eit mål om kulturminneplan i alle kommunar, og det er godt tenkeleg at det kan bli eit krav i framtida. Dersom Hjartdal nå går mot å søke, mistar kommunen ein slik startkapital, og må i så fall starte arbeidet frå grunnen av.

Vi er kjent med at Rådmannen og fleirtalet i formannskapet gjekk mot å sende  ein slik søknad, og dermed også mot å starte utarbeiding av kulturminneplan. Vi håpar likevel at kommunestyret gjer eit anna vedtak. Hjartdal historielag ynskjer i så fall å vere ein aktiv samarbeidspartnar.

Med helsing Hjartdal historielag

Torkel Hytta (formann)                                                  Torgunn Opsal (sekretær)

Kopi: Gruppeleiarane i  Arbeiderpartiet,Senterpartiet og Kristelig Folkeparti.

Ordførar Sven Tore Løkslid.