Velkommen til Hjartdal historielag!

Laget blei oppretta 1989 og arbeider med historie sett frå bygdene Hjartdal, Sauland og Tuddal i Øvre Telemark. Dette er tradisjonelle telemarksbygder som også kan representere telemarkskultur og norsk innlands bygdekultur i det heile.

Fortida til bygdene har fram til omlag forrige hundreårsskifte vore dominert av gardsbruk og skog. Utmarksnæring med stulsdrift som eit særs viktig element har vore viktig. I dag er det framleis aktiv stulsdrift i kommunen, men turisme og rekreasjon utgjer nok meir utmarka si rolle i dag.

Litt industri har her vore frå 1890-åra og framover, og særleg Sauland har vore eit senter for handel og administrasjon i tida før byar i nærleiken overtok mykje av slike funksjonar.

Bygdene har mange spor frå jarnalderen, og bygdefolket har nok merka og deltatt i krigar og andre hendingar frå birkebeinartid til andre verdskrigen og vår eiga tid.

Bygdenes rolle i den tidlege utvandringa til Amerika gjev plass i noregshistoria. Dei fleste norske bygder har si dramatiske utvandringshistorie, men bygdene i Øvre Telemark og Numedal merker seg ut med å vere ute lenge før dei andre, med unntak av nokre Rogalandsbygder der utvandringa var på eit litt anna grunnlag. Utvandringshistoria frå slutten av 1830-talet har vi med rette gitt stor plass i lokalhistoria vår. Det var markeringa av eit utvandrarjubileum i 1989 som gjorde ideen om eit historielag til noko konkret. Den gongen var det ein del privatpersonar i samarbeid med Hjartdal kommunes kulturkontor som tok seg av arrangementet.

Elles vil ein sjå at HHL tøyer historiebegrepet nokså langt. Slik vil det ofte vere naturleg i lokalhistorisk arbeid. Folkeminnestoff, kulturminnevern, slektshistorie mv. hører naturleg med innanfor laget.

Ein kan gjerne bruke stoff frå desse sidene til ikkje-kommersielle formål, men oppgi kilde, og gjer oss merksame på bruken – eller helst – spør først.

Denne oppdateringa av sidene er frå 19th April 2014.

logo-P1000802b